Tirsdag 5. desember 2017
FLØRT ELLER FORHOLD: Venstre-leiar Trine Skei Grande (bildet) og statsminister Erna Solberg er for tida i sonderingar om regjering for Venstre, Høgre og Frp. Etter helga kan sonderingane gå over i forhandlingar. Foto: Tom henning bratlie
Venstre-fylkesleiar i Sogn og Fjordane vil at Venstre skal ta Listhaugs statsrådspost:
Vil kaste ut Listhaug
Gunhild Berge Stang
VIKTIG VEKE: Denne veka landar Venstre på om dei skal gå i regjeringsforhandlingar. Ingen av fylkesleiarane seier nei til å gå vidare med regjerings­praten.

VENSTRE

Denne veka skal landsstyret i Venstre gje partileiinga eit viktig råd: Skal partiet gå frå sonderingar og over i reelle forhandlingar om å bli med i regjeringa? Klassekampen har snakka med 15 av partiets 18 fylkesleiarar.

Ikkje éin einaste av dei seier nei til å gå vidare.

Likevel er det fleire som legg vekt på at det er viktig å høyre kva partileiinga har kome fram til i sonderingane.

Fakta

Sonderingane:

• Fredag er det sentralstyremøte i Venstre. Laurdag og søndag er det landsstyremøte. Der skal partileiinga leggje fram resultatet av sonderingane med regjeringa.

• Klassekampen har snakka med 15 av 18 fylkesleiarar i Venstre. Desse utgjer landsstyret saman med sentralstyret, fire direktevalde landsstyrerepresentantar og éin medlem frå Noregs Venstrekvinnelag, éin medlem frå Noregs Liberale Studentforbund og to medlemer frå Unge Venstre.

• Det er stortingsgruppa som til slutt avgjer om partiet skal gå i regjering.

Ja til forhandling

Gunhild Berge Stang, leiar i Sogn og Fjordane Venstre og ein av partiets sju ordførarar, er ein av dei som meiner partiet bør gå over i forhandlingsfasen.

– Eg tenkjer at ein bør gå i forhandlingar. Det er lurt å gå i forhandlingar, men det er ikkje dermed sagt at det er lurt med regjering. Det handlar om kva Venstre får att. Det skal store gjennomslag til for å gå i regjering, seier Stang til Klassekampen.

For Stang er det særleg asyl og innvandring, distriktspolitikk og miljø som er dei viktige sakene.

– Er det spesielle statsrådspostar Venstre bør prøve å få?

– Det vil ikkje eg spekulere i. Det er sakene som er viktig. Så har eg vel fleire tankar om kva parti som ikkje bør ha spesielle statsrådspostar.

– Er det ein måte å seie at du ikkje vil ha Listhaug som innvandringsminister meir?

– Ja, svarer Stang.

Roger Granum, leiar i Oppland Venstre, peikar på noko av det same:

– Eg tenkjer ikkje på enkeltsaker, men at ei trepartiregjering vil liggje lenger inn mot sentrum, seier han, og legg til:

– Det vil seie at det blir Venstre-folk som kjem i viktige posisjonar. Og ditto færre av «nokon andre».

Stor avstand til Frp

Ikkje alle er like forhandlingspositive som Stang. Av fylkesleiarane Klassekampen har snakka med, er Finnmarks Leif Gøran Wasskog den mest kritiske. For han er det vanskeleg å sjå Venstre i regjering med Frp, og han fryktar for konsekvensane.

– Spørsmålet er om Frp splittar partiet. Vi har ei side som er veldig pragmatisk og ei anna som er veldig mot Frp. Kva skjer med partiet om vi går i regjering då, når vi har den delinga? Det treng ikkje berre føre til intern splitting og konflikt, men òg resignasjon i organisasjonen. Det er vanskeleg å vite på førehand, så vi er veldig skeptiske.

Men heller ikkje han vil seie tvert nei no.

– Vi er villige til å sjå kva som blir lagt på bordet, seier han. I tillegg til dei klassiske Venstre-sakene vil spørsmålet om sjukehus i Alta spele inn for det nordlegaste fylket.

– Det er viktig at vi tek med den saka i regjeringsforhandlingane, seier Wasskog.

Idun K. Botne, fylkesleiar i Hordaland, er meir positiv. Hordaland Venstre ser gjerne Venstre i regjering, så lenge forhandlingsresultatet blir bra nok. Men det er ingen enkel sak i fylket:

– Det er eit stort mindretal som verkeleg ikkje vil gå inn i regjering med Frp, seier ho.

Skule, miljø og gründerar

Svært mange av fylkesleiararne peikar – ikkje overraskande – på at partiets hovudsaker skule, miljø og gründerskap er viktige for å avgjere om partiet får nok gjennomslag. I tillegg er asylpolitikk viktig for mange.

Espen Opheim er leiar i Oslo Venstre, partiets klart største fylkeslag.

– Det er ikkje tvil om at det er nokre saker som må bli rydda av vegen nesten før ein byrjar forhandlingane. Lofoten er ei sånn sak. Og så er det viktig å rigge landet for ei framtid utan olje. Det handlar om skule, forsking, innovasjon og gründerskap. I tillegg må vi få ein human flyktning- og asylpolitikk, meiner han.

Vil pirke i KrF

Sjølv med Venstre på laget vil ikkje regjeringa ha fleirtal. Då må KrF òg inn. Agder er eit fylkeslag der dei gjerne står saman med sentrumskameraten i framtida òg:

– Det som er viktig for oss, er gjennomslag for våre politiske verdiar og at vi står saman med KrF, seier Sara Sægrov Ruud, nestleiar i Agder Venstre.

– Då ligg det vel i korta at de seier nei. KrF har avklart at det ikkje er aktuelt for dei å gå i regjering med Frp?

– Eg trur KrF må ta nokre nye rundar med seg sjølv. Dei kan ikkje seie nei og tru at det er noko gratis budsjettsamarbeid dei fire neste åra.

politikk@klassekampen.no

Mandag 17. desember 2018
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.
Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.
Torsdag 6. desember 2018
PROFIL: Unge Venstre-leiar ­Sondre Hansmark seier Abid Raja er blant dei einaste som profilerer Venstre sin eigen politikk.