Klassekampen.no
Mandag 4. desember 2017
Det er ein underleg skattepolitikk dagens regjering fører.
No er det nok!

Eg veit ikkje kor mange gonger det frå dagens regjering på ulike måtar har stått i dokument, sagt i talar og skrive i artiklar at det skal løna seg meir å arbeida. Seinast står det i innleiinga til regjeringa sin skatte- og avgiftsproposisjon for 2018. Skattesatsar skal reduserast, samtidig som skattegrunnlag skal utvidast, men likevel ikkje meir enn at ein skal ha meir igjen for å arbeida enn før.

Problemet er at mange som er i arbeid kjenner seg ikkje igjen i dette. Særleg har regjeringa og budsjettkameratane nærast gjort det til sport å ramma folk som arbeider ein annan stad enn dei bur, og ramma folk som utan skuld i det sjølve fell ut av arbeidslivet i høg alder.

Historisk har på ulike måtar økonomisk vederlag som blir gitt for ulemper ein har i samband med arbeidet, ikkje vorte rekna som løn, men som kompensasjon for kostnader og dermed ikkje skattlagt.

Hyretillegget for sjøfolk er eit døme på det. Det er eit tillegg for sjøfolk som er mykje borte frå heimen på grunn av arbeidet sitt, og som skal få kompensert noko av dei byrder det faktisk er å arbeida ein annan stad enn der ein bur. Tillegget er tariffesta, og storleiken fastsett med bakgrunn i at dette er eit vederlag for ulempe.

Med bakgrunn i budsjettforliket mellom dei fire borgarlege parti vedtar Stortinget i dag statsbudsjettet for neste år, der innstillinga byggjer på at dette tillegget frå neste år skal skattleggjast.

Det vil seia at skattegrunnlaget for sjøfolk blir utvida. Sjøfolk vil årleg få opp mot åtte tusen kroner meir i skatt.

Det er blitt eit mønster i det å skjerpa skatten for «reisande» arbeidsfolk. No tar ein sjøfolka. Og ein tar pendlarar som bur borte under arbeid. Dei vil mista kostfrådraget berre dei har tilgang på rennande vatn og straum for å laga maten sin sjølv. Mange av desse kan få rundt 10.000 kroner i auka skatt. Dei som får utbetalt diett vil få auka skatt ved at ein større del av dietten vil blir rekna som løn.

Pendlarar har tidlegare mista eller fått redusert frådraget for reiseutgifter mellom heim og bustad. Det er ganske underleg at alt dette kjem frå ei regjering som er opptekne av at folk bør vera villige til å røra meir på seg for å få arbeid.

I tillegg strammar ein til for slitarane i arbeidslivet. Gjennom det som blir vedteke i dag dreg stortingsfleirtalet ein endeleg konklusjon om at sluttvederlag skal skattleggjast og vera grunnlag for avkorting i trygd. Så kjem det same stortingsfleirtalet for femte året på rad å berre nominelt vidareføra frådraget for fagforeiningskontingent.

Med ei vidareføring ut denne stortingsperioden vil verdien av frådraget vera reelt redusert med over 20 prosent sidan 2013. Like fullt snakkar regjeringa om behovet for eit sterkare organisert arbeidsliv.

Eit utvida skattegrunnlag skal likevel ikkje gjelda for alle. Eit døme er den nye ordninga med skattefavorisert individuell sparing til pensjon. For dei som evner å spare den maksimale summen, kan ein redusera grunnlag med årleg 40.000 kroner i ordninga.

Eit anna døme er ordninga med i oppstartsselskap. Her kan ein få årleg frådrag for investering opp til 500.000 kroner, som vil gje 120.000 kroner i redusert skatt.

Dette er ein underleg politikk. Dei som sit godt i det, skal få insentiv til å spara og investera meir. Dei som derimot skapar verdiar gjennom arbeidet sitt, og som tar ulempene med å bu borte, dei skal straffast.

norvald.mo@fellesforbundet.no

Artikkelen er oppdatert: 21. desember 2017 kl. 13.23