Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På ein vevverkstad i Harrania bryt dei bratt med rådande pedagogikk.

Rørslene i veven

Med utsyn til pyramidane i Giza ligg vevverkstaden i landsbyen Harrania i Egypt: Ramses Wissa Wassef Art Centre (RWWAC). Lokale handverkarar kjende den nubiske byggestilen med kvelv og kuplar og bygde i teglstein laga på staden. I 1954 kom dei første vevarane, jenter og gutar frå landsbyen, mellom ti og tolv år, førstegenerasjonen frå Harrania som skulle erobra verda med sin bildevev.