Klassekampen.no
Lørdag 2. desember 2017
Oslo II

Eg er lei for det, men du må leve med nok ein dag med Dagboka om Oslo Høgre: «I 2016 krevde Oslo kommune inn eiendomsskatt fra byens boligeiere og næringsdrivende for første gang på nesten 20 år. Høyre har hele veien stemt mot denne usosiale og urettferdige skatten. Politikerne må prioritere i sine egne budsjetter før de ber innbyggerne om å prioritere i sine.» Dette skriv Oslo Høgre i sitt alternative 2018-budsjett for Oslo kommune. Men så kjem det: «Kommunen vil fremdeles sikre kvalitativt god velferd for oss som bor her hvis vi lar være å kreve inn eiendomsskatt, men det krever at vi prioriterer det viktigste først i kommunebudsjettet. Høyre foreslår i dette budsjettet at eiendomsskatten på folks boliger fjernes i sin helhet, mens eiendomsskatten på næringsbygg ikke økes fra 2 til 3 promille, men heller reduseres fra 2 til 1.»

Med andre ord: Høgre-politikarane greier ikkje å prioritere i sitt eige budsjett før dei ber innbyggjarane prioritere i sine. For har du næring i Oslo, og Høgre hadde styrt byen, hadde det altså blitt eigedomsskatt på deg med dette alternative budsjettet. Ikkje veit eg kvifor det skulle vere så negativt, men eg les jo kva Høgre meiner om å krevje inn eigedomsskatt på næringsbygg: «Skatt på næringseiendom vil redusere bedrifters handlingsrom til å ansette nye mennesker, drive innovasjonsarbeid og det vil gjøre gründernes kår vanskeligere.»

Vidare tek Oslo Høgre ut heile det såkalla effektiviseringskuttet for dei neste fire åra på eitt år. Ein stor del av dette er bydelanes økonomi, der pengane for det meste går til varme hender og kloke hovud. Det er ikkje noko gale i å avbyråkratisere og effektivisere, men det er vel ei grense for mykje fortare ein kan be heimetenesta om å springe.

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 13.20