Klassekampen.no
Lørdag 2. desember 2017
Hest og hyene: På sjølvportrettet «Inn of the Dawn Horse» (1937/1938) sit Leonora Carrington ridekledd mellom ei hyene og gyngehesten sin, med ein fri hest utanfor. Foto: Metropolitan Museum of Art (utsnitt)
100 år: Surrealisten Leonora Carrington blir feira på Kunstnernes Hus.
Ein moldvarp i patriarkatet

Kvinneleg opprør og mannleg undertrykking er gjennomgangstema for den britiskfødde surrealisten Leonora Carrington (1917–2011), men korkje novellene eller bildekunsten hennar er politisk i vanleg forstand. Her finn vi mangetydige, fantastiske skapningar som sender tankane til mytologi og Arthur-legender, så vel som til Swifts Gulliver-satire og Carrolls burleske nonsenslitteratur. Kunstinntrykka frå barndommen sette seg i henne, fortel biografane, men tradisjonsreferansane ber alltid i seg Carringtons særmerkte tolking av maktkampen mellom det mannlege og det kvinnelege.

I Carringtons like allegoriske som surrealistiske kunst finst ei rad metamorfosar. kvinner som tar dyreham i form av draumelike hestar (Carringtons fridomssymbol) eller kvinner som byter plass med dyr. I den mest kjende novella hennar, «Debutanten», slepp ei ung sosietetskvinne unna debutantballet ved å senda ein utkledd hyene frå zoologisk hage i sin stad. Det endar grotesk, når hyena avslørar maskespelet framfor foreldra til debutanten ved å glefsa i seg sitt stolne ungpikefjes. Novella hintar om at Carrington, som aldri tok del i offentleg debatt, også sjølv utøvde sin protest mot patriarkat og borgarleg konvensjon gjennom livet.

Leonora Carringtons far, ein paternalistisk industrimagnat, var modell for kvardagsleg, maskulin vondskap i kunsten hennar. Den britiske kritikaren Lorna Scott Fox siterer novella «The Oval Lady» (1939) som eit døme: «Du er for gammal til å leika med Tartar [Leonoras gyngehest] … eg skal sjølv brenna han.» (Times Literary Supplement, 2017).

I 1937 rømte den rebelske Carrington til Paris, der ho straks hamna i surrealist­miljøet og lagnadstungt nok i armane på Max Ernst. Forholdet varte til 1939, då tyske Ernst vart internert i Frankrike, og då den nær samanbrotet ulukkelege Carrington vart innhenta av sin far, som fekk henne innlagt og dopa på ein spansk privatklinikk. Etter det stakk ho over Atlanteren – til USA og Mexico – for å dykka ned i kunsten og aldri å venda tilbake. Medan bilda hennar kan vera eterisk eventyrlege og novellene humoristiske, skildra ho seg sjølv langt dystrare, som «ein gammal moldvarp som sym under kyrkjegardane».

Leonora Carrington (må ikkje forvekslast Bloomsbury-krinsens Dora Carrington) vart den lengstlevande og mest løyndomsfulle frå den surrealistiske avantgarden i mellomkrigstida. Kanskje er ho òg den mest aktuelle i vår tid? Kan ein ikkje spora ein økofeminisme i dei artsoverskridande arbeida hennar?

Ved 100-årsjubileet er i alle fall det eit spørsmål som blir stilt. Også i Oslo, der Leonora Carrington søndag blir presentert ved Kunstnernes Hus Kino.

Arrangementet blir leia av kritikar og forfattar Susanne Christensen, som arbeider med ei bok om Carrington. Det blir vist tre dokumentarfilmar om kunstnaren. Anne Kjersti Bjørns feministiske «Ung, vakker og begavet» (Noreg, 2001) er ein humoristisk og bitande introduksjon til kvinnene i surrealistrørsla. Kunstnarar som Lee Miller og Meret Oppenheim vart lenge berre sett som muser for eldre, mannlege geni som Max Ernst, André Breton og Picasso.

Når det kjem til Leonora Carrington, er Bjørns film eit scoop. Opptaka vart gjort då den vitale kunstnaren var 80 år, og vi får møta både henne og den Carrington-inspirerte, norske kunstnaren Vilde von Krogh.

Ally Ackers «The Flowering of the Crone: Leonora Carrington, Another Reality» (USA, 2015) er visst det einaste dokumentarfilm­portrettet kunstnaren sjølv «godkjente» medan ho levde.

Teresa Griffiths «Leonora Carrington: The Lost Surrealist» (Storbritannia, 2017) er eit oppdatert britisk portrett frå jubileumsåret.

2017 har ført med seg ei ny, populær og akademisk interesse for Carrington i fødelandet. Mellom anna har det komme ein ny biografi ført i pennen av Carringtons slektning Joanna Moorhead: «The Surreal Life of Leonora Carrington» (Virago). Hennar eigne komplette noveller er gjevne ut med fyldig introduksjon og etterord i samlinga «The Debutante and Other Stories» (Silver Press, 2017). Etterordet er skrive av forfattaren, kulturhistorikaren og Holbergpris-vinnaren Marina Warner, som også har skrive introduksjon til nyutgjevinga av Carringtons mest kjende sjølvbiografiske verk «Down Below» (NYRB Classics, 2017).

Vonleg vil ikkje Leonora Carrington stort lenger vera ein «forsvunnen» kunstnar, slik Griffiths filmtittel hevdar, jamvel om ho ikkje beinveges lèt seg bruka av politiske feministar og trass i at kunsten hennar vrir seg unna tydelege tolkingar.

guri.kulaas@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 13.47