Klassekampen.no
Lørdag 2. desember 2017
Langt frå idealet: Utan pengar eller hjelp er det langt frå Bridgettes tilvære som åleinemor til idealet om alt moderne foreldre skal være. Foto: HBO Nordic
Sex og den single mora.
Feminisme for dei 99 %

I rekka av seriar som skal ta unge, urbane kvinners liv på kornet, kjem den ferske HBO-komiserien «SMILF», eit ubeskjedent akronym for «Single Mom I’d Like to Fuck». Det er likevel lite sex i serien, det blir heller gjort eit poeng av åleinemora sitt labre kjærleiksliv.

I motsetnad til seriar som «Sex And The City» og «Girls» er «SMILF» ein serie om «the 99 %». Episode tre startar med at hovudpersonen Bridgette slår fast at «det er difor dei kallar det den amerikanske draumen, fordi du må sove for å tru på den». Bridgette – sjangeren tru laust basert på serieskapar Frankie Shaw sitt liv – er ei arbeidslaus åleinemor i ei eittromsleiligheit med dårleg impulskontroll og dårleg råd.

«Det viktigste forholdet i livet er det du har med deg sjølv», sa Carrie Bradshaw i «Sex and The City». Og Bridgette sitt forhold til seg sjølv er også komplisert, og ho oppsøker gynekologen for å få svar på om underlivet hennar framleis står seg etter fødselen.

Heller ikkje arbeidslivet er ukomplisert. Bridgette er aspirerande skodespelar, men utan mykje hell. Pengenauda gjer at ho bruker kveldane på å gi leksehjelp til bortskjemte rikmannsungar, og forsøker å tene pengar på sexy Youtube-videoar.

Hos arbeidsformidlinga finst det lite hjelp å få, i den nye økonomien er det enklare å selje tenester på nettforumet Craigslist. Bridgette ender opp med å selje seg sjølv, i form av eit platonisk møte med ei mann som seier han berre vil ha selskap, men som ender opp med å grab her by the pussy. Bridgette reagerer ved å forsøke å vere mann for ein dag: Ho melder seg på eit «mud run» med ein sokk i buksa. Den nye, yngre kjærasten til barne­faren melder seg også på løpet, fordi «sterke og uavhengige kvinner er veldig trendy akkurat no».

Serien er full av humor, men det er framstillinga av mora og sonen som gjer serien så fin. Foreldreskap er vanskeleg, og utan pengar eller hjelp er det langt frå «SMILF» til idealet om alt moderne foreldre skal vere. Serien er røffare i kantane enn sine forgjengarar, men har mykje større hjarte. Veleigna til å varme opp kalde desemberkveldar, med andre ord.

marias@klassekampen.no

«Det er framstillinga av mora og sonen som gjer serien så fin»

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 13.50