Klassekampen.no
Torsdag 30. november 2017
Bør menn konfrontere mannleg seksualitet i sin heilskap?
Seksuell sivilisasjon

Kva er det med menn? Forfattaren Stephen Marche forsøker å svare i The New York Times, avisa som først publiserte avsløringane om Hollywood-mogulen Harvey Weinstein omfattande sex-trakassering. Konklusjonen hans er forstemmande: Menn sine haldningar til likestilling og feminisme på den eine sida, og korleis dei ter seg overfor kvinner på i privatlivet på den andre, har lite eller ingenting med kvarandre å gjere. «Liberal eller konservativ, feminist eller sjåvinist, opplyst eller uvitande, ung eller gamal, på Fox News eller The New Republic, ein mann sine meiningar har ikkje noko å seie for korleis han oppfører seg», er hjartesukket.

Marche er kanskje litt vel bastant. Men i lys av #metoo-kampanjen er diskusjonen verd å ta. March meiner saker som Weinstein og Louis C.K -avsløringane må føre til at menn konfronterer det mange helst vil sleppe å tenkje på, nemleg den mannlege seksualiteten i sin heilskap. «Skuldingane rettar seg mot menn i alle variasjonar, i ulike industriar, med ulike haldningar. Det einaste som bind dei saman, er den groteske seksualiteten», skriv han.

Og, legg han til: Menn må vere villige til å diskutere kjernen i problemet, nemleg den «ofte farlege mannlege libidoen».

Den danske forfattaren Suzanne Brøgger var inne på noko av det same då ho snakka om #metoo-kampanjen i eit intervju som Klassekampen trykte denne månaden. Brøgger hevda vi no har kome så langt at vi kan byrje å snakke saman om det grunnleggjande valdelige som ligg under seksualiteten. «Vi vet at når fernissen av sivilisasjon fjernes, så er vi voldelige, men det er nettopp derfor vi har bygget sivilisasjonen. Fordi vi søker tilliten. Problemet er at kvinnekjønnet ikke alltid kan merke den tilliten. At musikaliteten mellom kjønnene ikke alltid er til stede», sa Brøgger.

Så korleis sørge for mest mogleg sivilisasjon og musikalitet? Stephen Marche skriv liberale samfunn har ein tendens til å forsøke å løyse utfordringa knytt til kjønn på ein teknokratisk måte: Betre system og betre lover (les: eit opprop for betre rutinar mot seksuell trakassering på arbeidsplassen, eit lovverk som fungerer). Problemet, slik han ser det, er at det ikkje finst nokon endeleg kur for menneskeleg begjær. Han trur tida etter Weinstein og #metoo-kampanjen vil bli prega av såkalla «kjønnspessimisme». I mangel på betre verktøy vil offentlege gapestokkar bli ein ny måte å utøve seksuell kontroll på.

«Man kan trekke det problematiske så langt at man nærmest lever i et diktatur», seier Suzanne Brøgger. Internettkampanjar har sjeldan plass til gråsoner. Den verkelege verda er full av dei. Men er det rimeleg at menn, berre fordi dei er menn, må gå i seg sjølv? Brøgger svarer, som sant er for fleire av oss, at ho tenkjer over det.

Stephen Marche, derimot, svarer «ja»: Dersom du vil vere ein sivilisert mann, må du tenkje over kva du er – og kva maskulinitet er. Han skriv at tradisjonelle krav til maskulinitet framleis hindrar menn i å ha ein open diskusjon om mannleg seksualitet. Menn skal ikkje vere sårbare og dei skal løyse problema sine åleine og i fred. Det hevdar han har ført til at vi i dag har ein offentleg debatt om menn sine seksuelle overtramp, men ikkje om menn sitt forhold til sex.

Sjølvrefleksjon og kulturendring, ikkje moralisme, er det som kan sivilisere oss, skriv Marche. Suzanne Brøgger seier kvinner er i ferd med å sette nye grenser for kva som er greitt eller ikkje. Ikkje ei grense som skal forhindre flørt, men som i beste fall opnar for moglegheiter for nye møter mellom kjønna, på nye premissar.

Det er grunn til å vere både håpefull og pessimistisk.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 11.09