Britisk samansverjing og amerikansk LSD.
For dei som ikkje kan få nok av det britiske kongehuset, som vil lada opp til neste års bryllaup, eller berre liker vellaga periodedrama, er det mykje å gle seg til i «The Crown». Serien om Elisabeth II si lange regenttid går inn i sin andre sesong frå 8. desember. Vi er ikkje komne lenger enn til 1957, og Suez-krisa står for døra, samstundes som ekteskapet mellom Elizabeth og Philliph òg er i ein slags kaldkrigstilstand. Clarie Foy spelar framleis dronninga, og Peter Morgan («The Queen») står som serieskapar. Serien er ein av hovudsatsingane til Netflix i julemånaden. Desember byr elles på interessante dokumentarar for den som ønskjer å motprogrammera litt i den sentimentale adventstida.