Klassekampen.no
Tirsdag 28. november 2017
Elevstraff

Erna Solberg si regjering vil spara inn 22 millionar kroner på statsbudsjettet ved å fjerna bortebuarstipend for over tusen vidaregåande elevar. 31. oktober kan vi her lesa at det fyrst er når elevane bur 60 kilometer eller meir frå skulen, at dei kan få stipend på 4300 kronar i månaden. Dette vil ramma 400 elevar berre i Sogn og Fjordane.

For middelklassen er 4300 kroner overkomeleg. Men for mange familiar med eitt eller fleire born på veg inn i vidaregåande skule, er dette store pengar. Elevar som bur mindre enn 60 kilometer frå skulen, må dermed rekna med å bruka opp til to–tre timar dagleg på bussen om dei ikkje har råd til hybelleige. Somme elevar kjem nok til å droppa ut med dei konsekvensane det vil få.

Er det rart at ein av fem elevar gruar seg for skuledagen?

Utspelet frå Solberg-regjeringa minner om kva som skjedde i Finnmark frå 1960-talet av. Med skuledirektør Trygve Jonsson (1921–1982) i spissen gjekk styresmaktene inn for storstilt sentralisering. Jonsson, som kom frå Klepp i Rogaland, sat i sjefsstolen frå 1963 til 1968. Politikken som Arbeidarpartiet førte fram, resulterte mellom anna til at det vart bygd ein ungdomskule for heile Alta kommune, areal 3849 km², nesten som Østfold i storleik.

Ved Statens spesiallærerskole på Hosle gjekk fire finnmarkingar ved inngangen til 1970-talet, lærarar med ulik røynsle. Under praksis ved ungdomsskulen i Alta gjekk det fram at mange av elevane frå utkantane, vart taparar. Dei var lite motiverte, fekk dårlege karakterar og hamna i trøbbel. Dei komande sosialpedagogane forstod fort at desse elevane ikkje var dummare enn andre. Nei, det kom trøtte og sure på skulen, etter opp mot to timar på bussen. Somme bussa opp mot 900 kilometer i veka. Dei fekk dobbel straff for å bu på bygda. Studentane frå spesiallærarskulen, den eldste cirka 50 år og KrF-politikar, laga ein krass rapport til kommunen som blei gjemt i ei skuff.

Staten straffar no elevar som bur langt frå skulen og har foreldre med utrygg økonomi. 22 millionar kroner hadde regjeringa glatt tatt inn ved å auka skatten berre med ein promille for dei som frå før av har alt for mykje pengar. Regjeringa skapar klasseskilnad innanfor skulen, men også mellom by og land.

Av elevar som gjekk på Alta ungdomsskule, har nokre fortalt heller sørgjelege historier i ettertid. Elevorganisasjonen fortener oppmuntring, det står både om helsa og yrkesvegen for mange.

johngust@frisurf.no

Artikkelen er oppdatert: 29. desember 2017 kl. 09.53