Klassekampen.no
Mandag 27. november 2017
Skal seksuell trakassering nedkjempast gjennom handsopprekking?
Ikkje eg heller

Den internasjonale mannsdagen 19. november gjekk hus forbi, i ly av årets 364 andre mannsdagar, minus 8. mars, Lucia- og morsdagen. Dagen fall på ein søndag, så folk fekk tid å sampa seg. Så som Stavanger Aftenblad. Avisa melde at filmregissør Ulrik Imtiaz Rolfsen oppmoda alle menn – vonleg berre i filmbransjen! – om å stå fram og melda «det var ikke meg». Eg bidrar med ambivalent emneknagg: #not.me. For ein traurig mannsdag, i år med nasjonalt fokus på sjølvmord, ring helse og dropout.

#not.me. Fake or true? Få menn vil melda seg, ut frå allmenn kvinneerfaring og viten frå spesialistpsykologisk hald. Fleirfaldige menn nyttar meir enn gjerne unnviksmekanismen togn heller enn benekting. Attåt kan alt fleire ladies’ men i praktiserande seksuell maktvald meina at dei aldri har utført uønska eller uakseptabel seksuell åtferd mot kvinner. Desse meiner seg å ha vore innafor normal tafsing og grafsing tilhøyrande mannsfaget, slik Sissel Bjugn kunne ha ordlagt seg, og difor: #not.me. Triste greier viss desse melder seg på #not.me. Kreative artstypar kan ta ein dobbel Hamlet: #not or not to be me.

Eg ramla innom «Iskrigarane» på Zebra tirsdag 15. november, noko i førekant av nemnde festdag. Det var mor mi, tidlegare leiar i Stord Høgre, som huka meg på hockey og desse rundballa mannfolka som small i vantet og rauk på kvarandre alt medan pucken mysteriøst hamna i nettet. Det var etter siger i kampen Vålerenga–Storhamar, at våleng-gutta i garderoben bælja følgjande uttrykk for å vinna: «Vi knulla dem i munnen!» Jamfør Donald Trump i valkampen: Å vera i garderoben eller #not to be me.

At å vinna kan formulerast med overgrepssnakk, viser kor maktfull og pukka seksuell generalisering kan vera i menns sosialisering og mindset. Triste greier. Men at karane får ha seg språkleg for ope kamera og sending klokka 22.00 når kidza er demonstrativt bråvakne, må likevel bestemt førast på TV2 sin konto. Kom ikkje her med: #not.me!

Det anar meg at denne feiringa av forgangen festdag trynar. Aseksualia er upcoming. End of the line: Fertiliteten stuper. Personleg har Karmøy-ideolektet ‘å knipa’ sperra for ønska kroppsleg merksemd frå menn som er sterke i klypa. Eg oppfatta ‘å knipa’ som ein real BMI-test. Ordet viste seg å vera heilt innafor: å få og gi klem.

Status presens: Felles språkleg aseksuell situasjonsforståing. Triste greier. Eit anna døme på tiltakande aseksualia er vinnardansen til Helene Olafsen med makker Jørgen Nilsen i «Skal vi danse». Tema i showdansen var kroppa vennskap med mann. Triste greier.

Og endeleg: Drøset til den mannlege skribenten i Aftenbladet som summerer mannsdagen i fordekt 3. person: «Når det blir arrangert mannsdag, er det ikkje for å feira, men fordi det er heilt krise å vera mann ... Han skulle kjent seg som eit offer. Men det skulle bli verre. For nå gjekk radioen over til å snakka om at «indianar» skulle fjernast frå Store norske leksikon. Det var bare eit tidsspørsmål før dei fjerna «mann» også.»

Triste greier: #not.man

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Fleirfaldige menn nyttar unnviksmekanismen togn»

Artikkelen er oppdatert: 28. desember 2017 kl. 14.02