Klassekampen.no
Onsdag 8. november 2017
Er Oslo invadert?

forsvars­politikk

Eit amerikansk krigsskip, jagaren «Oscar Austin», ankom Oslo hamn 27.oktober.

Tyske krigsskip fekk væpna motstandskamp då dei reiste inn Oslofjorden i 1940. Dette amerikanske krigsskipet fekk velkomst-ord av smilande damer. Hendinga vart rapportert på NRK1 same dag. Eg veit ikkje om skipet ligg der enno, eller om det er dratt. Er det nokon som har opplysningar?

Vi er rett nok allierte med USA, men i realiteten driv dei amerikanarane ein sakte okkupasjon av Norge, jamfør amerikanske soldatar i Trøndelag og i nord. Viss USA og Nato klarerer å hisse til krig mot Russland, er det norsk jord som blir slagmark, ikkje amerikansk.

Det skulle ikkje vere naudsynt å oppføre seg så truskuldig og naivt som norske styresmakter no gjer, overfor eit land som i årevis har brote folkeretten i mange land.

Det er sjølvsagt ikkje ønskeleg at folk i Norge skal bli utslått av krigsfrykt; tvert om må vi bevare fatninga som aldri før. Krigen treng ikkje å komme, men vi må vere realistiske og sjå kva USA driv med.

Fasiten på korleis vi skal ta USA på kort sikt, har eg ikkje, men vi bør vite at det er folk og land som allereide no, har det heilt aldeles jævleg på grunn av USA sine krigs-initiativ.

Og sjølvsagt meiner eg ikkje at vi i dag skal møte amerikanske krigsskip i norske hamner med kuler og kanonar, vi er svakare enn USA militært og ville tape ein slik konfronasjon.

Men vi må ikkje gje opp i utgangspunktet, norske politikarar må vakne, bruke diplomati og forklare amerikanarane at nærveret deira trugar sikkerheita vår. Kanskje kan nokon av dei forstå at livet til ein nordmann er like mykje verdt som livet til ein amerikanar?

Amerikansk sjåvinisme har styrt i mange krigar. Kva var ein vietnamesar verdt i Vietnam-krigen? No sist i Syria, var det IS-soldatar som let livet, ikkje amerikanske. Amerikanarane førte ein stad­fortredar­krig. Folket var lei av å sende soldatar til slagmarka for å døy. Kan Norge bli slagmark for neste stadfortredar-krig? Vi må i det minste ta til motmæle.

kfjork@yahoo.no

Artikkelen er oppdatert: 29. november 2017 kl. 09.31