Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Bynære snøggbåtruter vert elektrifisert • Gjev nytt liv til 100-årig el-tradisjon

Planlegg bybane på vatn

STOR TRAFIKK: Snøggbåtruta mellom Bergen og Askøy har mange passasjerar. Om to år skal båten vere skifta ut med ein elektrisk snøggbåt med batteripakke.

FØRST UTE: Snøggbåtruta mellom Askøy og Bergen vert første heilelektriske i landet. El-snøggbåtar kan redusere norske CO2-utslepp lik 100.000 bilar.

I eit ufyseleg grisevêr legg snøggbåten Ekspressen til kai ved Strandkaiterminalen i Bergen. Ut frå baugen kjem den hydrauliske landgangen og senkar seg ned mot kaidekket. Passasjerane om bord slår opp paraplyane, trekk hettene over hovudet og stålset seg for veggen av vatn der ute.