Klassekampen.no
Mandag 6. november 2017
Smidig identitet: I Juchitán i Mexico kan menn som føler seg som kvinner eller vil leve som kvinner, leve som «muxe». Her frå ein feiring av seksuell mangfald. Foto: bianca angelica, tumblr
Seksualkulturen i Juchitán er av enorm verdi. No står han i fare.
Kjønn som kultur

Den seinaste tida har det skjedd reelle framsteg for transgenuspersonar og transseksuelle, iallfall i Nord- og Vest-Europa. Transgenuspersonar speler ei anna sosial rolle enn den som stereotypisk blir assosiert med det kjønnet dei har fått tildelt. Transseksuelle er personar som har modifisert kroppen slik at dei heilt eller delvis har fått kjønnsteikna til det andre kjønnet. I tillegg finst ei gruppe med interseksuelle som ikkje identifiserer seg korkje med det eine eller det andre kjønnet.

I Noreg har vi sidan 1. juli 2016 hatt ei Lov om endring av juridisk kjønn som er mønstergyldig i internasjonal samanheng. Lova oppheva den juridiske skilnaden mellom transgenuspersonar og transseksuelle på den måten at alle over seksten år har retten til å endre juridisk kjønn ved sjølvmelding. Ein treng ikkje lenger å ha ein medisinsk diagnose, og ein treng heller ikkje å ha gått gjennom noka behandling.

Interessant nok vart denne lova sett i verk av den mest reaksjonære regjeringa som Noreg har hatt i etterkrigstida, og like reaksjonære politikarar i nabolanda er no i gang med liknande prosjekt, no seinast Theresa May i Storbrexitannia. Her om dagen prata ho seg varm om ei lovendring etter norsk mønster mens ho delte ut prisar på årsmøtet til homo­nyhendesida Pink News. Kanskje verda likevel går framover på visse punkt, kanskje dette heller handlar om at blinde høner også kan finne korn, og ein må uansett unne May ein hyggeleg kveld i godt lag langt unna brexitfadesen.

Same kor mykje betre den juridiske stoda er blitt hos oss, har vi framleis ein diagnose om kjønnsdysfori, altså at pasienten ikkje identifiserer seg med det kjønnet som hen er blitt tildelt ved fødsla. Mens det blir født svært få barn med uklare kjønnsteikn, er kjønnsdysfori langt frå uvanleg. I vestlege land kan gruppa utgjere alt mellom 0,05 og 0,5 prosent av den vaksne befolkninga (tala er frå Belgia og Nederland, og Massachusetts). I andre område og i trongare definerte populasjonar kan delen vere vesentleg høgare. Men poenget her er at desse personane blir oppfatta som faktiske eller potensielle pasientar. Dei blir patologiserte, akkurat slik som homoseksuelle vart patologiserte fram til politisk handling og sosiale haldningsendringar fekk avskaffa homoseksualitet som diagnose. Transgenuspersonar får ein diagnose hos oss fordi dei bryt med ei kulturell norm om at vi har to genus, og at desse skal svare til dei to kjønna i det binære kjønnssystemet vårt. Andre samfunn organiserer seg annleis, og vi kan ha noko å lære av dei.

I fleire år har eg jobba i eit samfunn i Mexico som har ein modell med to kjønn og tre genus. Personar som er fødde som menn, men som i barndomen, ved puberteten, eller seinare anten føler seg som kvinner, eller vil leve som kvinner, altså gjere kvinnegreier, har ei rolle og ein identitet å gå til. Å leve som muxe, som dei heiter, innebar å gjere kvinnear­arbeid, å feminisere utsjånaden i varierande grad, og å ha sex med heteroseksuelle menn. Denne identitetspakka kunne forhandlast, og den var smidig. I seinare år er det blitt mogeleg å modifisere kroppen slik det er i Europa og Nord-Amerika, men det er dyrt, og fører dermed med seg alle dei problema som oppstår når ein i eit land som Mexico må skaffe seg mykje pengar raskt. Systemet er under rask endring. (Med litt medvind får eg ut ei bok om dette neste år.)

Den byen der denne gamle seksualkulturen har halde seg fram til no, heiter Juchitán. Juchitán vart hardt råka under jordskjelvet 7. september i år. Det målte 8,2 på Richters skala, og var det største i Mexico på hundre år. Førti prosent av byen ligg i ruinar, folk har flytta vekk, alle festane som er limet i kulturen der, og særleg i muxe-kulturen, er innstilte.

Seksualkulturen i Juchitán er eineståande, og av enorm verdi om vi skal reflektere over korleis vi også i vårt samfunn kan ta vare på folk med ein genusidentitet utanfor det binære systemet.

To ting bør skje umiddelbart. Skeive, særleg i Noreg og andre rike land, må vise solidaritet økonomisk og på andre måtar, og hjelpe til med rekonstruksjonen av Juchitán og omlandet slik at destruksjonen av seksualkulturen der ikkje blir varig. Den kan lett gå tapt no.

For det andre bør vi begynne ein diskusjon om korleis seksualkulturar både der og andre stader kan få vern under Unesco-konvensjonen frå 2003 om vern av den immaterielle kulturarven. Dei er klart heimla under konvensjonens artikkel 2 første ledd. Denne diskusjonen bør begynne no.

stephen.j.walton@usn.no

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Kristina Leganger Iversen og Sumaya Jirde Ali skriv i Klassekampen måndagar.

Artikkelen er oppdatert: 28. november 2017 kl. 09.56