Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kan ein ballett inkarnera kjernedramaet i «Hedda Gabler»?

D’après Ibsen

Ibsen i sving: Tenk det, Hedda! Foto: Erik Berg/Den Norske 8Opera og Ballett

Oppsettingar etter Ibsen florerer. Sjølvsagt. «Hedda Gabler» kom ut i tekstform før jul i 1890 og hadde premiere på Münchener Hoftheater 31. januar 1891. Framsyninga i Norge var 25. februar – på Christiania Theater. Sjølv om Ibsen då var i live, kom bok og framsyning etter Ibsen: Lagt ut i framtid. Og som tidlegare teaterinstruktør visste han at komande teaterversjonar ville bli ulike og kan henda d’après teksten, meir eller mindre i samsvar med originalen. Fransk er her meir presis enn norsk, med après og d’après. Interessant å få med ei tyding av d’après frå daglegtalen i Ola Raknes si fransk-norske ordbok: ‘Parler d’après’ som tyder å ‘tala etter munnen’ det vil seie jatta med, men òg å imitera. Er Ibsen imitabel?