Klassekampen.no
Lørdag 4. november 2017
Politisk propaganda

israel

Finn Iunker skuldar meg for forakt i Klassekampen 28. oktober, ut frå mi tekstanalyse av «Stemmer fra Israel» i same avis 19. oktober. Der påviser eg at han redigerer ut av kontekst føreliggjande dokumentarisk tekst, «Breaking the Silence. Our Harsh Logic. Israeli Soldiers Testimonies from the Occupied territories» (New York, 2012). Eg hevdar at han ved å skifta sjanger til litterært bearbeida prosa forfalskar og svik dei autentiske vitneutsagna. Min påstand er at han bryt kontrakten med den israelske fredsrørsla som står bak originalprosjektet, nemleg ei sann og respektfull gjengjeving.

Eg gjer dette i militær språkbruk: Iunker okkuperer den føreliggjande teksten og reinskar ut språklege teikn på menneskelegheit så som nøling og ubehag. Dette kallar eg demonisering og resultatet: hatmat. I tillegg til den «harsh logic» av lydnad som IDF-soldatane er underlagt frå høgare hald, blir dei underkasta Iunkers fokus på skjønnmåla brutalitet. Å hengsla tekstane på konkrete detaljar – som soldatane sjølv nemner dei ikkje heilt huskar sju til tolv år tilbake i tid – meiner Iunker er å gjengi sanninga. Og er frekk nok til å sitera Lenin på dette, utan sitatreferanse. Litterær konkretisme er ingen garanti for sanning; eg kan skildra ei spykule så lesaren spyr utan at den har funne stad.

Iunkers ærend kjem klart fram i kronikken: Dette er politisk propaganda. I det første oppslaget, intervju i Klassekampen 16. oktober, la Iunker ei religiøs ramme som gjekk på bekjennelseslitteratur, jamfør tittelen: Vedkjenning av synd. Eg takkar på lesarars vegne for at Iunker no er så politisk tydeleg på krigsstien mot Israel, med heiing på boikott og BDS-tiltak. Eg står ved at dei forfalska stemmene frå Israel er hatmat by litterær proxy. Denslags skrudd verkelegheitslitteratur tar eg avstand frå.

Til dette kjem at Iunker som dramatikar legg for dagen ein omgang med tekst som han ikkje er eine om: d’après-trenden eller fristilt kuratering av føreliggjande tekst, oppfatta som råmateriale. Snakkar me her kulturimperialisme?

I skrivande stund er stoda brennbar mellom Israel og Palestina. Onsdag 1. oktober overlet Hamas kontrollen over grenseovergangen Egypt-Gaza til den palestinske sjølvstyremyndigheita. Målet med komande forhandlingar 21. november er overdraging av Gazastripa. Mandag 31. oktober bomba Israel ein terrortunnel som gjekk ti meter inn i Israel, og drepte åtte palestinarar. Stavanger Aftenblad har boots on the ground nett no; eit team på grensa til Gaza er i kontakt med båe sider. Det siste Norge treng å bidra med på fredsfronten no er påstått skjønnlitterær bensin til bålet.

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 14.47