Klassekampen.no
Lørdag 4. november 2017
Heng saman: Premissen til boka er at for å forstå Ibsen, må ein skjøne Holberg. Illustrasjoner: Ranveig og Gabor, wikimedia
Metodelaus: Ei rekke interessante fakta om Ibsen og Holberg forsvinn i det spekulative.
Satiren som forsvann

«Dette har vært en vanskelig bok å skrive», seier litteraturhistorikar Kirsti Boger om si nye bok «Hollandske oppdagelser», og legg til at «den er heller ikke enkel å lese.» Ho gløymde å føye til: «og å melde». Denne publikasjonen byggjer på stor lærdom, men er også noko av det mest merksnodige underteikna nokon gong har fått mellom hendene.

Ikkje minst er det vrient å skjøne kva som er føremålet med boka. Det opphavlege siktemålet var å «avsløre identiteten til ‘den flyvende hollender’ som opptrer i Ibsens «Vildanden». (Tittelordet «hollandske» viser også til Det lærde Holland, elitegruppa til Paul Botten-Hansen og Ibsen.) Eit heller snevert utgangspunkt, kan vi trygt seie. Men i introduksjonen «Til leseren» seier Boger at ideen var «å få en bedre forståelse av Henrik Ibsens forfatterskap.» Og at for å forstå Ibsen, legg ho til, må ein skjøne Holberg.

Bokas undertittel, «Holberg og Ibsens satiriske skrifter» er også eigna til å skape forvirring og falske håp. Forventningane blir etter kvart forvandla til tapte illusjonar.

Det er ikkje rare plassen som blir vigd til satiregransking og drøfting av kva funksjon satiren som litterær sjanger har. Den er først og fremst knytt til opplysings-tradisjonen Ibsen og særleg Holberg er ein viktig del av. Eit sentralt emne som Holbergs latterleggjering av det skolastiske akademia (i for eksempel Peder Paars og Erasmus Montanus) gjer Boger altfor lite ut av, og enda meir mangelfull er omtala av satiren i fantasiromanen Niels Klim, der Holberg mellom anna viser seg som oppsiktsvekkande moderne i raljeringa over tradisjonelle kjønnsroller.

Fakta:

Sakprosa

Kirsti Boger

Hollandske oppdagelser

Vidarforlaget 2017, 638 sider

Bogers reelle program går kort fortalt ut på å leite fram inspirasjonskjelder og påverknad frå alle mulege store og små tekster, musikkverk og maleri som kan kaste lys over verk av Ibsen og Holberg, det vere seg bibelhistorie (Moses og kong David), kyrkje- og religionshistorie, malarkunst, eventyr (særleg H.C. Andersen) og Wergeland-dikt, samt mangt om den kulturhistoriske arven etter kong Christian IV.

Alt dette er interessant, ikkje minst det som handlar om Ibsens forhold til malarkunsten. Men Boger manglar metode. Her kjem tinga hulter til bulter og i rykk og napp. I staden for orden, oversikt og samanheng, serverer Boger eit mylder av fakta. Metode tyder veg, men kvar Boger vil føre oss, er eit ope spørsmål. Ho beundrar profeten Moses, men han hadde da i si tid som folkeførar i det minste ein plan!

Som i første boka si, «Nora, du lyver», legg Boger for dagen ein sterk vilje til å tolke Ibsens verk i religiøs retning. Så sterk er denne viljen at vanleg omsorg for fakta og tekstbelegg brutalt blir sett til side. Ibsens verk, seier ho, «spinner rundt den evige konflikt: lengselen mot det høye og erkjennelsen av menneskets lavhet eller forgjengelighet.» «Beviset» lyder slik: «Alt det skaptes forgjengelighet eller forfengelighet er et av hovedtemaene i forfatterskapet.» Så veit vi det.

På sitt verste serverer Boger berre spekulativt tøv. Ho vil ha det til at forstavinga Alv- i Alving gir eit hint om at kaptein Alving (i «Gengangere») er ein gjengangar, og at siste stavinga i namnet Ekdal viser til Ibsens besøk hos malaren I.C. Dahl. Slike forserte innfall er dessverre typiske for boka.

Like påfallande er Bogers hang til luftige fantasiar omkring kjønn og seksualitet hos visse Ibsen-figurar. Ho hevdar at Hjalmar Ekdal har gonoré, og at kaninane på loftet i «Vildanden» symboliserer kjønnsdrifta, at Hedvig har fått sin første menstruasjon og at Ginas feilstaving av ordet pistol, «pigstol» refererer både til det mandige ordet pikk og til ein pistol i huset, som etter seiande ser ut som «en hestefallos.»

Rett skal vere rett: Av og til slår Boger til med frapperande tekstobservasjonar. Det er denne evna ho bør satse på heretter.

Språket er gjennomarbeidd, klart og konsist. Men kvifor ho bruker den danske forma «navnlig» framfor det norske «nemlig», er ei gåte.

bokmagasinet@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 14.54