KRAFTKAMP: I Odda fryktar dei at meir krafteksport vil truge den kraftkrevjande industrien i kommunen. Politikarane vil ikkje gje EU makt over krafta.
Rødts Terje Kolbotn stig over gata frå rådhuset mot Odda smelteverk. Han pratar og gestikulerer og helsar til høgre og venstre. Den tidlegare hjørnesteinsverksemda har vorte kulturminne. Dei fleste bygningane står tomme.