Klassekampen.no
Mandag 30. oktober 2017
Marte Omland var lei skulebenken, og fant ut kor skoen trykkjer.
Skomakerinnå

Marte Omland er akkurat der ho vil vera. I det mest urbane handverkshjørnet i Haugesund. Naboar er Shabby Records, Barbershop med skjeggstuss og lekkerbiskenar frå Amundsen spesial. Me snakkar krysset Skippergata–Strandgata. Her var det opningsfest 30. september for Skomakerinnå, Omlands lounge og verkstad for vøla, «ka er det?», nei, reparasjon av sko, skinnplagg og grove tekstilar.

Om det så er interiøret, går det i gjenbruk: fruktkassar til skinnpleieprodukt, regnplaska palleplank i disken og røff hentehylle for ferdig reparert.

Eg tar plass på chaiselonguen i skinn og presenterer problemet: Denne skoletten gneg meg på yttersida av venstre ankel. Skomakerinnå ser på ganglaget og vurderer skjering og saumar, tar skoparet inn til kreativ særhandsaming. Når ho får tid. Det har vore fullt køyr sidan opninga, det er blitt seine kveldar ved maskinane i verkstaden.

Ein nybarbert (?) herremann stikk innom med ei lommebok som har sett seg fast – «lika greitt», men med litt lirking og eit par sting er mannen klar for shopping i Haraldsgata.

Marte Omland var lei skulebenken og teoribøkene etter åra på Design og handverk på vidaregåande Haugalandet i heimbyen. Ho søkte etter ei praktisk-fagleg utdanning og enda opp på Plus skulen i Fredrikstad, ein liten privat fagskule for skomakar, gullsmed og båtbyggar. Sveinebrevet prydar veggen. Deretter følgde halvtanna år med jobbing i skomakarverkstad. På eit stativ i lokalet heng skinnfrakkar og oppdrag i ulike materiale.

– Pønskar du på eigen kolleksjon?

– No er eg akkurat der eg skal vera! Målet var nok å designa eigen skokolleksjon, men det får koma. Det krev studiekompetanse, fagkunnskap og teori. No er det å få verkstaden opp å gå, alt det praktiske som eg likar, å bli kjend med kundane sine behov og serva, finna ut kor skoen trykkjer.

Akkurat, det er nett difor eg stakk innom og fekk skotøy og beinbygnad nøye vurdert. Og på handleturen i arabarbyen kom eg i snakk med fleire som hadde gitt opp dyre skinnjakker på grunn av trøblete glidelåsar, så eg tipsa om den nyankomne skomakerinnå rett rundt hjørnet.

Verksemda til Marte Omland er første ute i Idélab-prosjekt 2017 for omstilling på Haugalandet. Det starta opp med utveljing med grunnlag i 30 forretningsidear. Målet er ti levedyktige bedrifter. Ikkje rart at hæla stod i taket på the housewarming party for nykomlingen, sjå Fjessida til Skomakerinnå.

Maskinparken i verkstaden er imponerande, slipemaskin og skomakarsymaskin side om side med antikvariske skoleistar. Neste milepåle er logistikken. Å få levert ferdige jobbar med posten. Her kan det vera fleire tilbydarar, og Omland får brynt seg på forretningsdrift.

Er det ikkje litt indian summer og sydlege breiddegrader over Haugesund downtown denne mandagen i oktober? Eg tar meg i å gløtta på fottøyet bortover gågata. Det kan bli travelt for skomakerinnå.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Skomakarsymaskin side om side med antikvariske leistar»

Artikkelen er oppdatert: 4. desember 2017 kl. 18.31