SKEPSIS: Buskerud, Akershus og Østfold nærmar seg samling. Fylkesleiarar i regjeringspartiet Frp meiner Viken er ein dårleg konstruksjon.
Innan året renn ut skal Østfold, Akershus og Buskerud bli einige om rammene for eit nytt felles storfylke, som skal få namnet Viken fylkeskommune. Men jubel for det nye storfylket på Austlandet er det vanskeleg å spora, sjølv blant regjeringspartia Frp og Høgre. Fylkesleiar i Akershus Frp Liv Gustavsen meiner ideen er dårleg.