Klassekampen.no
Fredag 27. oktober 2017
Senterpartiet går no klart imot kommersialiseringa av velferda.
Ta ut profitten

Senterpartiet fatta denne veka eit vedtak mot profitt i velferda som kan bidra til å samle, skjerpe og styrke opposisjonen på Stortinget. Fråsegna frå landsstyret går imot kommersialiseringa i den norske velferdsstaten, som den blåblå regjeringa ønsker og forsterkar.

Senterkvinnene reiste kravet om at «velferdsprofitørenes tid er over» på landsmøtet til Sp i mars. Sjølv om det var stemmer som åtvara mot å gå imot private verksemder, viste landsmøtedebatten i Sp sterk oppslutning om det krasse bodskapet frå grasrota i partiet. Da brukte Trygve Slagsvold Vedum prestisjen sin for å utsette vedtaket til neste landsstyremøte, som var no etter valet.

Landsstyret til Sp har fjerna ordet «velferdsprofitørar», men store delar av vedtaket er identisk med forslaget frå Senterkvinnene. Sp er no imot «en utvikling der en stadig større andel av offentlige tjenester eies og drives av kommersielle konsern», og viser til barnehagar, eldreomsorg, barnevern, helsetenester, asylmottak og renovasjon.

Sp er ikkje imot private innslag, «men folks skattevilje svekkes dersom private eiere på en urimelig måte beriker seg på offentlige midler». Partiet vil hindre private å ta ut verdiar, eller profitt som andre seier, «av skattefinansiert velferd gjennom sosial dumping, dårlige arbeidsvilkår for de ansatte eller mangelfulle tjenester». Samtidig seier Sp at det er positivt med «ikke-kommersielle og ideelle drivere» i velferda. Det er kommersielle velferdskonsern som er dei store, stygge ulvane.

Folk flest deler skepsisen mot privatisering og privat profitt frå velferda. I august fekk Klassekampen tatt opp ei meiningsmåling der vi spurte kor einige folk var i denne påstanden: «Private selskaper bør ikke få ta ut profitt fra drift av offentlige velferdstjenester som sykehjem, barnehage og skole.» Resultatet viste at 37 prosent var «helt enige» og 24 prosent «litt enige» i dette. Sjølv om utvala for kvart enkelt parti er små, viser bakgrunnstala at så stor del av veljarane til desse partia var heilt eller litt imot slik profitt: Raudt 94 prosent, Ap 84, SV 83, Sp 74, MDG 66 og KrF 62 prosent.

Kanskje er motstanden mot profitt i velferda styrkt av mange mediesaker om asylbaronar, skandalar innan privat eldreomsorg og renovasjon og om at konsern overtar barnehagar.

Under valkampen drog SV og Raudt fram desse sakene. Dei hamra laus på «velferdsprofitørane», som dei meiner har «sugerør» ned i statskassa, svekker arbeidsvilkår og sviktar brukarane av velferda. Både Raudt og SV vann truleg på dette ved valet, peikte Respons Analyse på i Aftenposten denne veka. Respons meiner Ap ikkje var reine og ranke nok, og at dette var ein grunn til at partiet mista så mange veljarar til SV.

Det er ein god analyse. Ap er rett nok meir skeptiske til privatisering og konkurranseutsetting enn rundt hundreårsskiftet, særleg innan helse, omsorg og skole. Likevel er ikkje Ap like tydeleg som Raudt, SV og no også Sp. Det kunne dei vunne på å vera i valkampen.

I dag er skatt og fordeling ein hovudkonflikt mellom høgresida og sentrum/venstre-partia.

I åra framover kan motstand mot privatisering og profitt i velferda også bli ein byggestein i ein sentrum/venstre-allianse. Ap, Sp, KrF, SV og Raudt deler skepsisen mot kommersialiseringa, sjølv om det er forskjellar i politikken og retorikken deira.

I mange av kommunane der desse partia har makt, står dei saman for ideell og offentleg drift av velferda.

Folk vil ha velferd utan profitt, og den nye politikken til Sp kan bidra til samling på riksplan. No bør særleg Arbeidarpartiet investere meir politisk kapital i dette. Sentrum/venstresida vil tene på å ta profitten ut av velferda.

kallset@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 6. desember 2017 kl. 11.17