Klassekampen.no
Torsdag 26. oktober 2017
Det er framleis lov å prøve seg. Kan vi snakke om trakassering no?
Avsporingar

Etter avsløringane om at Hollywood-mogulen Harvey Weinstein har brukt dei siste tiåra på å tvinge seg på eit utal unge, kvinnelege skodespelarar, har vi fått enda ein diskusjon om seksuell trakassering. Under emneknaggen #MeToo deler kvinner frå heile verda sine grenseoverskridande opplevingar. Dei som måtte tole ubehagelege møte med Weinstein, stod ikkje fram i frykt for kva det ville bety for karrieren. Langt ifrå alle kvinner opplever slik oppførsel på arbeidsplassen, men mange har opplevd seksuell trakassering i løpet av livet. Ofte som ung: frå jamaldringar i skulegarden, til vaksne menn på butikken. Eg kjem knapt på ei venninne som ikkje har ei slik historie. Mange menn har likande opplevingar.

#MeToo-kampanjen har ført til debatt om kva seksuell trakassering er og ikkje er. «Jeg synes det blir et trist samfunn hvis ingen skal få lov til å prøve seg», sa statsvitar Hermann Smith-Sivertsen ved Høgskolen i Sør-Øst Norge til NRK på måndag. Nittenåringar som forsøker å innleie forhold til jamaldringar, risikerer å gjere klossete tilnærmingar, sa han og fekk stønad frå sexolog Siv Gamnes som hevda at enkelte går inn i ei offerrolle dei ikkje har godt av.

I den danske avisa Information spør journalist Christian Bennike seg om #MeToo-kampanjen er ein genial protest som skaper felles front mot sexisme, eller om han bidreg til å vatne ut krenkingsomgrepet. Kvinner som reint faktisk har vore utsett for traumatiske overfallsvaldtekter, står plutseleg side om side med kvinner som har fått ‘en lummer bemærkning til en fest’, skriv han.

Bennike har eit poeng. Men er ikkje diskusjonen ei avsporing? Weinstein-saka handlar om seksuell trakassering i arbeidslivet. Om ein maktperson som tek seg til rette og om offer og vitne som held kjeft i frykt for karrieren sin. Så skulle ein tru at det er skilnad på Hollywood og Noreg. Men som Klassekampen har skrive, har om lag halvparten av norske skodespelarar hatt mørke opplevingar bak teppet.

Dei er ikkje åleine: Ei undersøking studentavisa Universitas gjorde i mai, slo fast at éin av åtte studentar har opplevd uønskt seksuell merksemd frå ein medstudent eller ein tilsett ved lærestaden. I dag skriv me om ein Fafo-rapport som avslører Hollywood-tilstandar i den norske hotell- og restaurantbransjen og på helse- og omsorgsfeltet. Totalt 19 prosent innanfor desse bransjane svarer at dei har vore utsette for seksuell trakassering i jobb­samanheng.

Fafo definerer seksuell trakassering som «uønska seksuell merksemd som blir opplevd som krenkande og plagsom». Konsekvensane for den einskilde var mistrivsel i jobbsituasjonen og ønske om å slutte i jobben. For ein ganske stor del førte trakasseringa også med seg psykiske plager.

Her bør diskusjonen ligge. Ein nittenåring kan prøve seg på ei jamaldring. Men den same nittenåringen som kan vere på fest og sjekkast opp klønete, kan like gjerne vere ein midlertidig tilsett eller student. Eldre menn og kvinner i maktposisjonar bør ikkje «prøve seg». Ein sjef bør vere ekstremt forsiktig i møte med tilsette. Dersom tilsette opplever seksuell trakassering som eit problem i arbeidskvardagen, må ein sjef ta grep. Det skjer i for liten grad i dag; mange arbeidsplassar har ikkje rutinar på plass.

Og heilt alvorleg: Kor stort samfunnsproblem er det at 19 år gamle gutar ikkje har rom til å kome med det statsvitar Smith-Sivertsen kallar «klossete tilnærmingar»? Dei russegutane som syng «i kveld er det lov å være hore» medan russebussen rullar gjennom Smestadkrysset, blir sjefar om nokre år.

Tenk litt på det.

marias@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 6. desember 2017 kl. 11.02