Klassekampen.no
Mandag 23. oktober 2017
Gode nyhende frå fiskerinæringa skal ikkje overlatast til nasen.
Ei skjult næring

K-Fisk har opna utsal og kafe i Veakrossen. Der får du Kvitsøykomla av kvitfisk med bacon. Dagens var steikt sei med masse løk. Men eg hadde alt kasta meg over Fiskeribladet som dukka opp på bensinstasjonen vegg i vegg. Ei skjult næring sto fram: Beredskap er ferskvare, Levendeforsøk på hyse, 78 størjer i ett kast, Ambisiøse taregründere i Lofoten.

Alt ein mainstreamlesar av riks- og regionaviser ikkje visste om Norges viktigaste næring! Bak pannebrusken ligg konfliktar om kvoter, strid mellom kyst- og havfiske, leveringsplikt og ørten reguleringar. Urokråka Per Sandberg ruler overskriftene. Ja, Aftenposten framstår etter nyting av Fiskeribladet som lokalavisa for Oslo og omegn.

Det var verkeleg på tide med oppdatering. Hadde eg ikkje alt som 6-åring vore inspektør på kaia i Bekkjarvik då sildastimen låg sølvblank i sundet i 1951? Det var å følgja silda frå steng til betongkummar og til salteriet der det ylte av folk. Det var så vidt mor mi fekk meg i seng i pensjonatet der verdsmeister Ørjan Johannesen no huserer og kokkelerer, ofte med sjømat på menyen. At eg kunne la meg blenda av medieskvulpet som skjulte den næringa eg var vaksen opp med, på Værøy og i Austevoll!

Seien smakte fortreffeleg, eg likar best kvitfisk. Hummar og laks var naturalia frå fars legepraksis; mor mi ønskte seg mang ein gong ein mykje større katt. Kjenn deg sjølv, skreiv einkvan. Eg fekk ikkje skulda på mainstreamavisene for at folk ikkje ser den svære og umistelege næringa og livberginga som er truga av oljeleiting langs heile kysten, særskilt i Lofoten. Det skuldast at eg held heile greia i ein sanseleg spagat mellom lukt og smak: Eg likar ikkje lukta av fisk – har aldri sløyd fisk og elskar smaken av fisk. Og der eg sit ikkje langt frå fersk-fiskdisken og smakar nydeleg sei, har eg bestemt meg for å ikkje kjenna etter. Gode nyhende frå fiskerinæringa skal ikkje lenger overlatast til nasen.

Har du stått i fiskedisken og sett kjøtet av hysa skli ut og spalta seg? Då er fisken for daud for lenge. Hysa stressar meir enn torsken. Det gjer no forskarar og fiskarar noko med: Levandeforsøk på hyse. I vår eksperimenterte «Ballstadøy» med å levera hysa levande til Båtsfjordbruket. «Det er sjelden vi står og smiler så mye som da vi gjorde dette», uttaler Torbjørn Tobiassen, forskar ved Nofima. Med mindre stressande fangstoperasjon for fisken hamnar meir av hysa på tallerken, mindre som bindemiddel i fiskemat. Betre for fisken, betre for fiskaren, betre for fiskeelskaren.

Ei anna nyvinning er hausting av tare og tang. Tamara Kijo Singer, med japansk mor, flyta nordover og gründa Lofoten Seaweed Company saman med Angelika Eriksen. Produktspekteret tel mellom anna tarepulver tilsett tørrfisk. Den kresne japanske marknaden er målet.

Vel, det måtte koma. Sommarvenninna mi frå Bergen og eg starta tarefangst med lånt robåt alt i 1954. Avantgarden enda opp med vindusvask til sommarcash. Fiskarbondefruene fekk taren gratis, gøymt under bærbuskane.

karinmoe1@gmail.com

Forfattar og litteraturkritikar Karin Moe kommenterer aktuelle saker frå sidelinja kvar måndag.

«Mor mi ønskte seg mang ein gong ein mykje større katt»

Artikkelen er oppdatert: 30. november 2017 kl. 10.38