Klassekampen.no
Torsdag 19. oktober 2017
Tekstreinsking

Israel

Både den litterære dokumentarboka til Finn Iunker, «Stemmer fra Israel» og oppslaget om boka i Klassekampen 16. oktober er høgst problematiske. Boka er eit døme på at den som kritiserer eit maktovergrep gjerne står i fare for å gjenta dette maktovergrepet i sin kritiske metode. Eller som Brecht har det: «Fienden går først i demonstrasjonstoget.»

I Iunkers okkupasjon av israelske soldatars vitnefråsegner reinskar han ut innhald og bodskap med ein maktfull litterær og syntaktisk metode: ta ut munnlege fyllord, behalda konkret innhald, flytta subjektet fram i handlingsposisjon. Dette kjem i tillegg til å utelata politisk, kulturell og aktuell kontekst, til dømes i form av eit i det minste metodisk forord.

I reportasjen, der Guri Kulås går på gummisålar og ufrivillig (?) kjem i skade for å demonstrera same type lydnad som dei israelske soldatane er underlagt, artikulerer Iunker sitt litterære prosjekt, sitert slik: «All skriveteknikk handlar om å få lesaren til å sjå verda. Vona er at lesaren og teaterpublikum skal reagera likt på tekstane, som han.»

Det er, med Iunkers eigne ord, «dette demoniske instinktet» som har styrt redigeringa. Resultatet er ein dobbel okkupasjon: både av dei israelske soldatane og deira autentisk melde opplevingar og av lesarane sine reaksjonar. Dette er hatmat og demonisering. Medan det opprinnelege bokprosjektet, «Breaking the silence. Our Harsh Logic. Israeli Soldiers Testimonies from the Occupied Territories», nett ved sosiale og kulturelle fyllord, pausering og subtil kontekstivering respekterer soldatane sin eigen artikulasjon, reinskar Iunker soldatane for eigne stemmer. Ei slik redigering tek ikkje vare på bokas ånd. Og det var premissen for at den israelske organisasjonen av veteranar, som står bak «Breaking the Silence», gav løyve til redigering.

Guri Kulås stiller ikkje eitt kritisk spørsmål: tekstane er «konkrete», «nedstrippa». Dagen er «haustvakker», «berre glad barneleik høyrest». Ho synest fanga i euforiserande lydnad pålagt av Junkers overgrepsestetikk. Det aller verste ved denne produksjonen kjem frå Kolon forlag som set tittel og forfattar i skjelven handskrift, som om dette stiliserte og apolitiske verket er stenografert sanning.

Gi oss eit tilsvar frå Israels ambassadør om Iunkers bok og reportasjen i Klassekampen. Det minste den gemene lesar må be om, er uredigerte engelske versjonar av dei reinska «vitnemåla» i reportasjen. Me vil vel sjå sjølve?

karinmoe1@gmail.com

Artikkelen er oppdatert: 20. november 2017 kl. 14.49