- Konsernsjef Eldar Sætre varsla denne veka at Statoil er i ferd med å bli omskapt frå eit oljeselskap til eit breitt energiselskap. No er det ikkje ein grøn revolusjon Sætre skildrar i ein kronikk i Aftenposten: Statoil skal framleis produsere olje og gass, men med stadig lågare klimagassutslepp. Statoil-sjefen signaliserer at ny utvinning skal skje særleg på norsk sokkel, og selskapet skal ikkje drive med tungolje og oljesand, som ein har gjort i utlandet. Samtidig gir Sætre klar beskjed om at Statoil skal vekse innanfor fornybar energi, slik ein i dag driv stort med havvind utanfor Skottland. No er målet å investere rundt 100 milliardar kroner på fornybar energi, til eit nivå på 15–20 prosent av dei samla investeringane til selskapet.
Nye Statoil
Leder