Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Saman styrte Jens Stoltenberg og Helga Pedersen Arbeidarpartiet i åtte år. Han blei generalsekretær i Nato. Ho blei sauebonde og lærar i Vestertana.

Heim til nord

Hausten 2001: Arbeidarpartiet har gjort sitt dårlegaste stortingsval sidan 1924 og må gje opp regjeringsmakta. Ein av dei som må flytte ut av regjeringskontora, er Helga Pedersen, politisk rådgjevar i Handelsdepartementet. På dette tidspunktet er ho 28 år. Tilbake i Finnmark deltek Helga på oppsummeringa hos Finnmark Arbeidarparti. Den eine etter den andre av delegatane på Rica Vadsø Hotell går opp på talarstolen og peikar på det same.