Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eg skulle gjerne blitt forbisykla av Erna Solberg med hjelpemotor.

Borgarplikt

Sykkel: Sjølv ein statsminister burde ha ein.

Stemmelokalet er flytta, eg må ei halv mil lengre ut i bygda for å få lagt setelen min i urna. Det er ikkje meg imot, for då får eg meg ein tur innom skulen der eg var lærarvikar som nittenåring, og førsteklassingane stod ranke og doggfriske langs pultradene og ropte god morgon, frøken!