Fredag 15. september 2017
SKULEVEGEN: Både partileiar Jonas Gahr Støre og nestleiar Hadia Tajik har gått vegen om høgare utdanning til Arbeidarpartiet. Her frå landsmøtet tidlegare i vår.Foto: Tom Henning Bratlie
• Seks av 49 med siste jobb i privat sektor • 41 av 49 har høgare utdanning
Langt mellom arbeidsfolk
CV: Høgare utdanning og erfaring frå offentleg sektor og organisasjonslivet kjenneteiknar det store fleirtalet av Aps stortingsrepresentantar. Politikarar frå privat sektor er ein minoritet.

I gårsdagens Klassekampen etterlyste leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund Erna Hagensen fleire politikarar med erfaring som arbeidsfolk.

Ein gjennomgang av Arbeidarpartiet si nye stortingsgruppe viser at når dei 49 representantane som er vald inn på Stortinget snart møtest, så er det ei gruppe der høgare utdanning er langt meir vanleg enn generelt i befolkninga, og erfaring frå offentleg sektor og organisasjonslivet dominerer.

Mens éin av tre har høgare utdanning generelt i befolkninga, har åtte av ti i Aps stortingsgruppe høgare utdanning.

Samstundes er det berre seks av 49 representantar i arbeidarpartiets stortingsgruppe som kjem til Stortinget med siste jobb i privat sektor.

Ikkje overraskande er eit viktig springbrett inn på Stortinget ein jobb eller verv i partiet, enten som ordførar, fylkesordførar eller politisk rådgivar.

Av dei 49 politikarane i stortingsgruppa har 25 av dei ein slik bakgrunn, blant andre Ap-nestleiarane Trond Giske og Hadja Tajik.

Fakta

Aps stortingsgruppe:

• Består av 49 representantar, mot 55 i førre periode.

• Ein gjennomgang av gruppa viser at 41 av dei har høgare utdanning.

• Som siste jobb kom 41 prosent frå det offentlege, 47 prosent frå interesseorganisasjonar og seks prosent frå privat sektor.

• Det er Civita som har gjort ein gjennomgang av alle stortingsrepresentantane.

Drar på bedriftsbesøk

Magne Rommetveit, som er vald inn frå Hordaland og har vore ordførar på Stord i 16 år, meiner det er viktig å kjenna golvet godt.

– At du har røtene og kontaktnettet, er det viktigaste, seier han.

Som ordførar har han hatt god kontakt med både tilsette, tillitsvalde og leiing.

Rommetveit håpte å få med seg tidlegare forbundsleiar i LO-forbundet Industri Energi Leif Sande til Stortinget, men slik gjekk det ikkje.

– Eg skulle svært gjerne hatt med Leif’en. Det var synd. No kviler det eit ansvar på oss å halda tett kontakt. Eg er meir på bedriftsbesøk når det ikkje er valkamp, enn når det er valkamp.

Magne Rommetveit er sjølv spesial­pedagog.

– Folk får jo etter kvart meir og meir utdanning. Fleire har eit fagbrev i botn. Men eg synst det er viktig at det er mange på Stortinget med arbeidserfaring frå golvet. Eg har arbeidserfaring frå golvet i åtte år. Det var det offentleg, seier han, og viser til då han jobba i utekontakten i Stord kommune.

Trur det blir ei god gruppe

Stortingsveteran Terje Lien Aasland som er vald inn på Stortinget frå Telemark for fjerde gang, er blant minoriteten som har med seg eit fagbrev.

– Det er bra det er nokon som har bakgrunnen eg har også, seier Aasland, som har fagbrev i energimontørfaget og har vore distrikssekretær i El og IT i Telemark.

– Kvifor er det så få med tilsvarande bakgrunn som deg?

– Det er litt tilfeldig. Det er mange med solid fagleg bakgrunn blant dei tillitsvalde i Ap. Eg trur gruppa representerer eit mangfald og at det blir ei god gruppe.

Gjennomgangen, som det er Civita som har gjort, tar berre føre seg siste jobb stortingsrepresentantane har hatt. Til dømes er Aps nye mann frå Finnmark, Runar Sjåstad, sin siste jobb fylkesordførar, men han starta karrieren som industrimekanikar i Sydveranger gruve, før han blei tillitsvald og seinare organisasjonsarbeidar i både LO og Norsk arbeidsmandsforbund i Troms og Finnmark.

– Viktig å kjenna det privat

Forbundsleiar i Fellesforbundet Jørn Eggum, som organiserer arbeidstakarar i privat sektor, blant anna i industrien, seier at fire eller fem i Aps nye stortingsgruppe er medlem i Fellesforbundet.

– Det er viktig at det kjem representantar frå privat sektor, seier Eggum.

Men han vil ikkje kritisera nominasjonane som er gjort i forkant av årets stortingsval, og viser til Hordaland som han kjenner best og der den tidlegare fagforeiningstoppen Leif Sande hadde fått plass blant dei fem på toppen.

– Her var det det dårlege valresultatet som gjorde at det blei som det blei, seier han.

Av SVs elleve stortingsrepresentantar har ni høgare utdanning, mens Raudt kan visa til ein master i sosiologi og 100 prosent høgare utdanning i si stortingsgruppe.

annekarih@klassekampen.no

Fredag 18. januar 2019
NEDTUR: Bare 4 prosent av de ansatte i politiet mener de er mer tilgjengelige for folk nå enn før nær­politireformen.
Torsdag 17. januar 2019
FÅ FØDSLER: Barn av innvandrere har lavere fruktbarhet enn øvrig befolkning, viser ferske tall. Norsk­pakistanske Umar Ashraf opplever ikke barnepress.
Onsdag 16. januar 2019
UNNGÅR: Høyesterett viser politisk motvilje mot å behandle Svalbard-trakten, mener forsvarer Hallvard Østgård.
Tirsdag 15. januar 2019
DØVE: Alle miljøfaglege råd som er gitt før utlysing av nye oljeblokker dei fem siste åra, er ignorerte. Det viser ein gjennomgang frå Naturvernforbundet.
Mandag 14. januar 2019
TO ONDER: Øystein Dørum i NHO mener videre oppløsnings­tendenser i EU vil være verre for norsk økonomi enn brexit.
Lørdag 12. januar 2019
ØKER MEST: – Vi snur ikke kappa etter vinden. Det er vinden som har snudd, sier Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum.
Fredag 11. januar 2019
FALL: For ti år siden var Finnmark landets mest fruktbare fylke. Nå føder kvinnene der nesten like få barn som i Oslo.
Torsdag 10. januar 2019
BARN: Verken flyktninger eller arbeidsinnvandrere løser utfordringene som følger av lave fødselstall, konkluderer to av Norges ledende forskere.
Onsdag 9. januar 2019
KONSEKVENS: Norge trenger tankfly til kampflyflåten. Det er en av få konsekvenser Libya-krigen har fått i Norge.
Tirsdag 8. januar 2019
FRI FLYT: I massesøksmålet mot helsegiganten Aleris blir reglane i EØS-avtalen om fri flyt av teneste og etableringsfridom sentrale.