Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Saktare, djupare

Noko av det særskilde med pusten er at me kan overlate den til seg sjølv, vera umedvitne om den, sova om så er, og den går og går. Den er autonom, pustar oss og pustar luft. Men så kan me i periodar likevel styra den med viljen. Ta kontroll over pustinga. Og det finst mange som hevdar å kunna dokumentera at det finst ein helsegevinst i dette å dagleg driva med såkalla «deep breathing» eller diafragmatisk pusting. Det vitskapelege namnet er ‘eupnea’, som er ei form for pusting ein ser hjå pattedyra når dei er i ro og det ikkje er nokon fare i nærleiken.