Klassekampen.no
Onsdag 30. august 2017
Kva er skilnaden på å pissa og tissa? Og på å slå lens og vere lens?
Miging og maur
Lita tue: Mange maur.

Pissa og tissa er det skilnad på dei to?

Dette var oppe før i år både hos Linda Eide og i Språkteigen. Svaret var ja. Tissa er ei eufemistisk (forskjønnande) omlaging av pissa, gjerne brukt til barn, og gjerne brukt av kvinner. Endå det ikkje er utenkjeleg at ein mann seier tissa heller.

Det er altså snakk om same ord, der tissa representerer ein lydleg og stilistisk vri.

Så til mitt ærend: Dei germanske språka har pissa, men det er lånt frå fransk pisser, som igjen, for tusen år sidan, tok det frå latin pissiare. Det franske verbet tyder å renna, spruta. Ganske beskrivande, som når det renn frå ein krane eller ei kanne, men altså òg brukt om det spesifikt menneskelege å urinera. Urin kjem forresten ikkje uventa frå latin urina. Det har i hundreår vore den medisinske termen.

Det interessante er at det franske pisser opp gjennom tida har bevart ei sakleg og beskrivande meining (renna eller spruta) som dei germanske språka aldri har hatt. Først på slutten av 1800-talet fekk pisser på fransk eit tydeleg vulgært drag. Den tradisjonelle bruken kan likevel framleis treffast på: «Son nez pisse le sang» må omsetjast med «det sprutar blod frå nasen».

Difor er det typisk, og historisk logisk, at ordet pissoar, som me òg har lånt frå fransk pissoir, ikkje vart teke i bruk før på slutten av 1800-talet. Elles har fransk no ein variant som er parallell til vårt tissa – pipi er det småkoselege barneordet. Tek ein fransk vaksen ordet pipi i sin munn om eigen aktivitet, er det i spøk.

Pissa er, som sagt, hos oss import. Miga er det gamle norske verbet. Ordet er påvist å ha indoeuropeisk rot. Latin hadde meiare, portugisisk har mijar. (Fransk nyttar det ikkje.) Til og med borte i India finst det, som mêhati i sanskrit. Variantane syner slektskapen med vårt miga.

I moderne norsk har miga vorte marginalisert, i dag oftast brukt om dyr, til dømes hestar. Me har typisk nok både pissemaur og migemaur, om same type maur.

Utviklinga av miga minner om verpa. Verpa betydde hos oss for tusen år sidan å kasta, slik werfen gjer på tysk. No er verpa avgrensa til høna når ho kastar egget. Tysk har altså stadig den historisk ’rette’ bruken. (Uttrykket «litt av eit varp» er ein rest i norsk av den gamle bruken.) Ikkje uventa lever den historiske bruken også på islandsk og færøysk. Ordet utvarp, som logisk nok tyder ’utkasting’, er deira ord for kringkasting.

Lensa har kome til oss sjøvegen, frå nederlandsk, der det tyder å tømma. Ein lensa båten. Overgangen til slå lens – helst om mannen – er ikkje vanskeleg å skjøna. Og det blir òg lett å skjøna at me møter same uttrykket i varehandelen når butikksjefen slår ut med armane: «Beklagar, me er lens for det i dag!»

Eit godt ordspel til slutt: «piss and love». Frode Grytten har sagt det. Ikkje som forfattar, men når han kler seg om, står på scenen og er underhaldar.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Typisk nok er pissemaur og migemaur same type maur»

Artikkelen er oppdatert: 13. september 2017 kl. 10.17