«Metaphors We Live By» (1980) er tittelen på ein klassikar innan lingvistikken, der forfattarane George Lakoff og Mark Johnson undersøkjer korleis hjernen vår umedvite arbeider ved hjelp av metaforar for å knyte det vi opplever til dei tidlegare erfaringane våre. I møte med Colson Whiteheads sjette roman «Den underjordiske jernbanen» får uttrykket «metaforar vi lever etter» ei heilt akutt tyding. Romanen er bygd opp rundt eit enkelt grep: The underground railroad er ein metafor som blei brukt om dei hemmelege fluktrutene frå Sørstatane til Nordstatane, der slavedrift tidleg blei forbode, og i Whiteheads roman har metaforen blitt tatt på ordet og gjort til ei heilt konkret jernbane.
Flukt: I «Den underjordiske jernbanen» er fridomen alltid ein stasjon unna.