Mandag 14. august 2017
Skal vi DANSE: Kan KrF-leiar Knut Arild Hareide kome til talarstolen for sin partileiartale? Her er KrF-leiaren i sving under fjorårets arrangement. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix
Forsking viser at politikarkontakt er viktigast for organisasjonane på Arendalsuka:
Lobbyistanes dansegolv
Undersak

Hard kamp om merksemda

Miljøstiftinga Zero er ein av dei som er synleg til stades på Arendalsuka. Kommunikasjonssjef Jon Evang seier dei prioriterer hardt når dei vel kva dei vil ha merksemd om:

– Vi finn gjerne to–tre tema vi vil ha fokus på, og så orienterer vi oss mot eitt hovudarrangement. I tillegg takkar vi som regel ja til å delta i andres panel.

I dag har Zero eit møte om å nå målet om utsleppsfri bilpark i 2025. Statsråd Vidar Helgesen og fleire andre toppolitikarar kjem til møtet. Zero har ikkje fått hjelp frå pr-byrå, men Evang fortel at det er blitt ganske vanleg. Han meiner det er vanskeleg å få mediemerksemd:

– Vi bruker ikkje det som eit suksesskriterium, nei.

– Er den uformelle kontakten med politikarar viktig?

– Ja, kan vere det, men det er ikkje avgjerande.

LIKE BARN: Det er den politiske eliten som er mest ettertrakta når organisasjonane flokkar seg til Arendals­uka. Det er langt mindre viktig å møte vanlege folk, viser ny forsking.

ARENDALS-UKA

Minglefest for skravleklassen eller årets viktigaste politiske møteplass? Arendalsuka opnar i dag, og sørlandsbyen blir fylt opp av politikarar, journalistar, næringslivsfolk og ei rekkje organisasjonar.

Eit nytt forskingsprosjekt ser for fyrste gong på kva slags møteplass Arendalsuka eigentleg er.

Ketil Raknes er høgskulelektor og doktorgradsstipendiat ved Høyskolen Kristiania, og i tillegg tilknytt Senter for studier av politisk kommunikasjon (Polkom) ved Universitetet i Oslo. Saman med Arendalsuka skal dei no finne ut meir om korleis Arendalsuka faktisk fungerer for dei som deltek der.

Hundrevis av små og store arrangørar står bak eit temmeleg variert program. Men Raknes viser at målet er det same for svært mange: Å påverke politikarane. Femti prosent av dei som har svart på undersøkinga peikar på dette. Berre ein firedel meiner kontakt med publikum er viktigast. Kontakt med næringsliv, frivillige og media kjem endå lengre ned.

Fakta

Arendals­- under­søkinga:

• I ei ny undersøking kjem det fram at Arendalsuka er viktigare som ein arena for å møte politikarar enn for å møte publikum.

• Undersøkinga er gjennomført av Senter for studier av politisk kommunikasjon (Polkom) ved Universitetet i Oslo i samarbeid med Arendals­uka.

• Spørsmåla i forundersøkinga er sendt ut til alle organisasjonar som hadde meldt seg på Arendalsuka per juni.

• Cirka 480 arrangørar fekk undersøkinga. 219 har svart.

• Neste steg er ei større undersøking i etterkant av årets utgåve av Arendalsuka.

– Fleire bruker pr-byrå

– Det verkar som ein ekstremt viktig arena for lobbyisme. Motivasjonen for å delta er å fange merksemda til nasjonale politikarar i saker som er viktig for aktørane, fortel Raknes.

Sjølv skulle han vite kva han snakkar om: Raknes har arbeidd i PR-byrået Burson-Marsteller og har fartstid som rådgjevar – eller spinndoktor – for SV.

Han fortel at inntrykket er at stadig fleire bruker innleigd hjelp for å vinne kampen om merksemda.

– Fleire bruker PR-byrå for å få dei rette deltakarane og lage dei gode overskriftene, seier Raknes.

Dette er noko av det dei skal studere nærare i del to av prosjektet.

Helse viktigast

I undersøkinga seier 21 prosent av dei som har svart at helse er den viktigaste valkampsaka. Både miljø/energi og skule får 11 prosent, medan arbeidsliv, samferdsel og næring er viktigaste sak for høvesvis 8, 7 og 5 prosent.

– Dette er påfallande, ettersom helse så langt har vore nesten fråverande i valkampen. Men helsebudsjettet er jo ein enormt stor post på statsbudsjettet, og gjeld utruleg mange folk, seier Ketil Raknes til Klassekampen.

Temaet innvandring, som dei siste åra har vore veldig sterkt til stades i den politiske debatten, er nesten fråverande.

– Om lag éin prosent av organisasjonane meiner det er den viktigaste saka, seier høgskulelektoren.

politikk@klassekampen.no

Fredag 19. juli 2019
KRAV: Frp mener innvandringsforskningen er «ensidig og politisert». Nå vil de stille krav om meningsmangfold i forskningen. – Farlig, svarer Ap.
Torsdag 18. juli 2019
TVANG: FpU ber regjeringen lovpålegge kommunene å konkurranseutsette sykehjem og hjemmetjenester. Forslaget slaktes av forsker.
Onsdag 17. juli 2019
UFORUTSIGBART: Bare en tredel helsefagarbeidere har full stilling. De yngste og de eldste jobber mest deltid. – Vi trenger flere folk på jobb, sier helsefagarbeider Jørgen Aanerud.
Tirsdag 16. juli 2019
MEDISIN: På havbunnen utenfor Bjørnøya har forskere funnet et dyr ikke ulikt en juledekorasjon. Det har molekyler som kan drepe kreft­celler effektivt.
Mandag 15. juli 2019
BYGGER UT: Siden 2000 har antall ­bygninger i strandsonen økt med 20 prosent. Kommunene klarer ikke ­forvalte det nasjonale ansvaret, mener Norsk Friluftsliv.
Lørdag 13. juli 2019
RETUR: Utlendingsnemnda konkluderte at kurdiske Jumaah Hameed ikke var i fare for forfølgelse. Kort tid etter returen til Irak, ble Hameed torturert, hevder han.
Fredag 12. juli 2019
COMEBACK KID: Per Sandberg advarer mot «nasjonalistiske krefter» i Frp og hinter om politisk comeback i et annet parti til valget i 2021.
Fredag 12. juli 2019
ANSPENT: Onsdag forsøkte Iran å ta en britisk oljetanker i arrest, sier det britiske forsvarsdepartementet. Iran avfeier anklagene, men en iransk forsker advarer mot en ny oljetankerkrig.
Torsdag 11. juli 2019
KRITISK: Motstanden mot nasjonal ramme for vindkraft er stor i dei kommunane som ligg i dei veleigna områda. Kommunestyra og ord­førarar seier nei.
Onsdag 10. juli 2019
DØMT: Byrådet i Oslo har som mål å få flest mulig i fast stilling. Nå er kommunen dømt to ganger i retten etter å ha nektet en barnehageansatt fra et bemanningsbyrå fast jobb.