Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lyrikk

Det elementære

Odene kan hjelpa oss å sjå det høgstemte i dei kvardagslege tinga. Som ein lauk eller ein sokk.

Når ein høyrer omgrep som «poesi» og ikkje minst det litt gamalmodige ordet «ode» så vil me ha ein tendens til å tenkja på litt høgtidelege tekstar, fjernt frå kvardagens trivialitetar og meir banale gjeremål. Nå tyder jo òg det greske ordet som «ode» kjem frå, rett og slett «høgstemt lyrisk dikt», medan ordet «poesi» stammar frå eit ord som tyder meir generelt «å skapa, å frambringa».