EIGD PÅ EID: På Eid i Nordfjord røystar folk flest Venstre. Den populære ordføraren Alfred Bjørlo meiner det er ein kamp å få sentralpartiet til å hugse på bygda.
Nordfjordsongen opnar med orda «Du Nordfjord, min fagre og fjellsterke heim». Men på Eid er det ikkje berre fjellsterkt, men òg Venstre-sterkt: I tre val på rad har kommunen vore den kommunen i verda der Venstre får høgast oppslutning – og i haust kan det skje igjen. Skal eidaren Sveinung Rotevatn få fornya tillit som tingmann, er han nok nøydd til å mobilisere godt i heimkommunen.