Klassekampen.no
Onsdag 7. juni 2017
Bi-så-litt: Dagens aktivitet på Bislett motseier namnet.
Namnegranskarar lever med like stor usikkerheit som investorar.
Aha-opplevingar

Kjappe stadnamn-dykk i dag. Kikut er sjølvforklarande; staden har utsikt. Nidaros er nesten like klart. Det er osen der Nid-elva renn ut i fjorden. Nidar er eldre genitivsform.

Bergen er litt verre. Det kjem frå Bjorgvin; første leddet er berg/fjell, andre leddet tyder slette – slette ved fjell. Bislett skriv seg frå tida då staden låg utanfor byen, så langt at det var eit vertshus der med det oppmodande namnet Bi-så-litt, «ta ein pause»! I dag er namnet rart og artig, sidan aktiviteten der verkeleg har lite å gjera med å ta det roleg.

Huk på Bygdøy høyrest pussig ut, men tyder krok eller spiss landtunge, jamfør engelsk «hook». Så det gir meining å sitja på huk (krøkja seg) på Huk. Gapahuk, fangstkrok, inneheld same ordet.

Hovudstaden vår er meir omdiskutert. Andreleddet -lo er slette ved vatn. Slik me finn det i Byrkjelo og Lom. Men Os ... ? Det kan koma av ås, som då er Ekebergåsen, eller ås (i fleirtal æser), det norrøne ordet for gud? Dei kunnige er usamde.

Namn på elvar og innsjøar kan vera svært gamle. Mjøsa tyder, kanskje, «den blenkjande» sjøen, og er, kanskje, til og med i slekt med Moss. Våre aller eldste namn, slik som Sola, Tasta, Aga på Vestlandet, er over to tusen år gamle, og der er me utan gode haldepunkt. Til samanlikning er landsnamnet vårt Noreg berre litt over tusen år. Tydinga der er relativt grei, bortsett frå at det står om to tolkingar. Den vanlegaste er «nordveg», den lange leia mot nord, i motsetnad til vesterveg og austerveg. Den konkurrerande tolkinga er «nor-veg», der «nor» då skulle vera eit smalt sund, slik me har det i namn som Noresund, Norheimsund og Norane (ved Fimreite i Sogn).

Mengdevis namn har bokstavleg talt vorte mishandla under dansk styre: Snåsa var ei stund Sneåsen! Tovdal i Agder vart Topdal for nokre i Kristiansand, Risøya gjekk over til Risør, landets eldste hotell, Walaker i Sogn, er ei forvansking av Vollaker. Danskspråkleg snobbeskap har gitt Schøll for Skjøl, Quale for Kvåle. Dén lista der, med forkvakla norske stadnamn, er lang og ofte årsak til oppheta diskusjon.

Somme namn opptrer i fleire variantar: Aukland, Økland, Øglænd, Ugland. Alle kjem frå auk-land, «tilleggs-jord».

Andre igjen er overlag lette å mistolka: Makrellbekken og Kontraskjæret i Oslo kjem frå Mark-skillebekken og Contre-escarpe, det siste eit fransk militærord som tyder «mot-voll». Markensgate i Kristiansand kan lett forståast som den gata som leier opp til bymarka, Baneheia. Men alt på 1700-talet var dette den livlegaste handlegata i byen, og ordet er marknad, som ofte har vore «marken» i talemåla. Marienlyst i Oslo heitte fram til 1820-åra Fehaugen (hamnehage for dyr), men då ville eigaren av Nedre Blindern heidra kona si Marichen med eit lysthus. Så dér er opphavet. Fehaugen hadde unekteleg vore slåande som namn på dagens NRK-miljø.

Slutning: Somme stadnamn er lette, andre innfløkte, atter andre usikre – stundom umoglege. Og nokre gir oss aha-opplevingar. Namnegranskarar lever med like stor usikkerheit som investorar på børsen.

sylfest.lomheim@gmail.com

Sylfest Lomheim skriv om språk i Klassekampen kvar onsdag.

«Fehaugen hadde vore eit slåande namn på dagens NRK-miljø»

Artikkelen er oppdatert: 20. juni 2017 kl. 13.54