Tirsdag 16. mai 2017
Unikt univers: Slik ser produsenten for seg universet i «Sáve». Foto: Storyline Pictures
Samisk film vekkjer stor interesse. Bak fleire suksessar står Internasjonalt Samisk Filminstitutt.
Samisk nybrotsfilm
Suksess: Lene Cecilia Sparrok i «Sameblod». foto: Storytelling Media
Anne Lajla Utsi
– Vi får sjansen til å visualisera samisk mytologi, seier produsent Khalid Mai­mouni. «Sáve» har fått støtte som verdas første store samiske barnefilm.

film

– Samisk barnefilm finst nesten ikkje, vi er difor svært glade for å ha kunna vore med på å setja i gang dette banebrytande prosjektet, seier Anne Lajla Utsi til Klassekampen.

Utsi er leiar for Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) som nettopp løyva 200.000 kroner i utviklingsstøtte til «Sáve», filmen som kan bli den aller første samiske spelefilmen for barn. Norske Storyline Pictures er hovudprodusent og denne veka reiser produsent Khalid Maimouni til Cannes med klare mål om å samla partnarar til prosjektet.

– Vi har arbeidd målretta med å konkretisera manusuniverset sidan september og voner vi både kan få på plass ein internasjonal salsagent og få inn coprodusentar frå andre land i løpet av festivalen, seier han til Klassekampen.

Fakta

Samisk storfilm:

• Barne- og familiefilmen «Sáve» kan bli den første store samiske langfilmen i sitt slag.

• Manus er skrive av forfattaren Jens Martin Mienna, og vil presentera sjåarane for eit rikt samisk mytologisk univers som er knytt til ei handlingshistorie i vår eiga samtid.

• Khalid Maimouni i Storyline Pictures er hovudprodusent, og reiser til Cannes denne veka for å samla coprodusentar og leita etter regissør.

• Filmen har sitt utspring i Internasjonalt samisk filminstitutt og har tentativ premiere i 2020.

Stor interesse

Maimouni er for tida kinoaktuell som produsent for Izer Alius langfilmdebut «Fluefangeren». Eit prosjekt som i innhald og uttrykk står langt frå eventyret i «Sáve».

– Eg har faktisk i fleire år ønska å laga noko med utgangspunkt i samisk mytologi. Det har alltid undra meg at det norske filmmiljøet ikkje har sett potensialet i dette stoffet som vekkjer interesse utanlands. Ein skulle jo tru Oscar-nominasjonen til «Veiviseren» ville ha utløyst stor pågang etter samiske filmforteljingar. Vonleg er tida mogen no når marknaden er meir open for å satsa på innhald for barnepublikum, seier Maimouni.

Samisk «Harry Potter»

Manuset til «Sáve» er skrive av forfattaren Jens Martin Mienna som har ei rad samiske barnebøker bak seg, og som er kjent for å setja samisk historie og mytologi inn i ei handlingsmetta ramme.

Filmprodusenten er full av lovord over Miennas arbeid.

Ifølgje promoteringsmaterialet, som Storyline vil presentera på filmmarknaden i Cannes til helga, vil filmen handla om ungjenta Sáve som bur på vidda med far sin. Ho har nettopp mista mora si under mystiske omstende. Driven av sorg og trong til å få svar på kva som har skjedd med mora, legg Sáve ut på ei magisk og farleg reise som fører henne og venene hennar ned til dei underjordiske vesena i samisk mytologi.

Khalid Maimouni meiner vi må sjå mot dei store internasjonale fantasysuksessane, for å finna noko å jamføra både den episke forteljinga og sjølve universet med.

– Dei samiske legendene og det mytologiske universet er utruleg dynamisk. Det utviklar seg og er framleis levande gjennom ein svært sterk forteljartradisjon. Likevel har svært lite av mytologien vorte visualisert, så vi har no sjansen til å definera korleis til dømes ein stállu ser ut.

På kino i 2020

I tillegg til å finna finansiering reiser også Khalid Maimouni til Cannes for å jakta på ein regissør til filmen.

– Det bør ideelt vera ein som kjenner samisk kultur og språk.

Sidan samisk filmbransje er lite utvikla har Khalid Maimouni ein stor jobb framfor seg, men han legg også vekt på at det finst mange talent og at både styresmakter i alle nordiske land burde vera interessert i «Sáve», til liks med næringsinteresser på heile Nordkalotten.

– Eg trur det er realistisk å nå målet om å få filmen på kino i 2020.

Frå «Sameblod» til «Sáve»

Dei som indirekte har initiert «Sáve», er Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI). Frå sin base i Kautokeino er ISFI ein unik institusjon i heile Sápmi.

– Vi har bygd oss gradvis opp sidan starten i 2009. I dag er målet å få sett i gang ein større samisk spelefilm eller tv-serie årleg, fortel Anne Lajla Utsi.

ISFIs arbeidet har vore langsiktig og målretta. Forfattar Jens Martin Mienna, som har skrive manus til «Sáve», tok del i ein manusworkshop ved ISFI alt i 2010–11. Der fekk forfattarane også møta eldre, samiske kvinner, som framleis meistrar den munnlege samiske forteljartradisjonen.

– Det er svært artig, at «Sáve» blant anna byggjer på denne munnlege historietradisjonen, seier Utsi.

Satsar på Nordkalotten

Ho merker sterk internasjonal interesse for samisk film, og fortel at ISFI jamt får førespurnader om seriar og filmar som dei ikkje er i stand til å levera fordi det enno ikkje er laga noko på dei temaa som internasjonale festivalar spør etter.

Sidan den samiske filmbransjen er så pass underutvikla, har ISFI hatt ei aktiv rolle overfor dei talenta som finst.

– Då vi for nokre år sidan høyrte at det gjekk ein sørsamisk student ved Den danske filmskolen i København reiste vi dit og fortalte vi ville støtta henne i å realisera samiske historier, og om ho kom til oss når no var ferdigutdanna.

Studenten var Amanda Kernell og debutfilmen «Sameblod» har no gått sin sigersgang over heile verda.

– Vi følgde og støtta prosjektet heilt frå første stund og er svært glade for den suksessen filmen har hatt og framleis har.

ISFI er den einaste samiske institusjonen i sitt slag, og arbeider konsekvent på tvers av landegrensene på Nordkalotten. Dei når også greitt ut gjennom å vera del av det internasjonale nettverket Indigenous Film Circle, som har felles stands på filmmarknadane ved dei store filmfestivalane.

guri .kulaas@klassekampen.no

Lørdag 17. november 2018
Statlige teatre har økt sine egeninntekter, selv om de får mindre i offentlige tilskudd. Høyre jubler, mens SV mener tallene i rapporten gir et misvisende bilde.
Fredag 16. november 2018
– Det har aldri vært mindre grunn til å rehabilitere Alf Larsen, sier litteratur­forsker Tore Rem. Han reagerer på Forfatterforeningens unnskyldning til den omstridte poeten.
Torsdag 15. november 2018
Det er viktig at den hegemoniske historiefortellingen om jødeforfølgelsen i Norge blir utfordret, mener Irene Levin.
Onsdag 14. november 2018
Er 10.000 kroner i statsstøtte per avisabonnement for mye? Nei, sier sjefredaktøren i Helgelendingen, og får støtte fra KrF og Senterpartiet på Stortinget.
Tirsdag 13. november 2018
25.000 abonnenter kan miste papir­avisa dersom regjeringen går for et kompromissforslag som mediebransjen selv har spilt inn.
Mandag 12. november 2018
Litteraturprofessor Marianne Egeland mener det er vanskelig å se hvem som fører ordet i høstens kjendis­bøker.
Lørdag 10. november 2018
Etter en storstilt digitalisering av skolen er Bærum kommune klar for neste skritt: kutt i skolebibliotek­tjenesten.
Fredag 9. november 2018
Sentrale personer i motstandsbevegelsen ble varslet om deportasjonen av de norske jødene høsten 1942, men varslene ble ignorert. Det viser Marte Michelet i boka «Hva visste hjemmefronten?».
Torsdag 8. november 2018
Stig Aasvik har jobbet som skyggeskriver i 15 år. Likevel synes han det er trist at kjendis­intervjuer i bokform får så høye opplagstall.
Onsdag 7. november 2018
Denne høsten har en rekke norske kjendiser gjort det skarpt i bokmarkedet. Men bare et fåtall av dem har skrevet boka si selv.