- Kampen mot lausarbeidarsamfunnet ser ut til å stå sentralt på LO-kongressen i mai. Leiaren i Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeidarforbund, Jan-Egil Pedersen, vil forby bemanningsbyråa i fleire bransjar. Bakgrunnen er veksten i bemanningsbransjen sidan tusenårsskiftet, etter at det i 2000 vart lovleg å leige ut alle typar arbeidskraft Norge og etter EU-utvidinga i 2004. I dag pregar vikarbyrå bygg- og anleggsbransjen, men også fiskeindustrien og andre næringar. Arbeidsvilkår har vorte svekt, lønnskonkurransen har vorte hardare, og fleire i vikarbyrå får ikkje lønn mellom oppdrag. I staden for faste jobbar, blir dei lausarbeidarar. Mange tør ikkje organisere seg, og problema blir større når fagrørsla blir svekt. Det minner om fagforeiningsknusing, seier Jan-Egil Pedersen i NNN.
Lausarbeid
Leder