Torsdag 9. mars 2017
KRAV: Jon Reidar Øyan er leiar for homonettverket i Ap og vil stille ei rekkje krav til KrF for at det skal vere aktuelt med eit regjeringssamarbeid.
Meiner regjering med KrF er uaktuelt om dei ikkje endrar homopolitikken:
Åtvarar mot KrF-flørt
Undersak

Høgre: nøgde med Frp og KrF

Helge Ytterøy L’orange er leiar i Opne Høgre. Han er stort sett nøgd med både KrF og Frp.

– Sjølv om KrF ikkje har vore veldig progressive, har dei heller ikkje reversert veldig mykje, seier L’orange om samarbeidet med KrF.

Han meiner regjeringa har fått til mykje bra desse åra.

– Regjeringa har fått innført retten til å skifte kjønn, som er viktig for dei det gjeld, seier han.

Sist veke gjekk innvandringsminister Sylvi Listhaug (Frp) til åtak mot KrF-leiar Knut Arild Hareide for at han hadde gått i pride-paraden i Oslo i fjor.

– Kva tenkjer du om samarbeidet med Frp, då?

– Solveig Horne har gått i Pride-toget, minner L’orange om.

– Det er nok ein del skiljeliner i Frp. Dei eg samarbeider med opplever eg som ryddige og konstruktive. Solveig Horne har blitt ein homominister. Ho jobbar no med felles diskrimineringslov som vil betre diskrimineringsvernet på fleire område.

– Men det er vel ikkje alt du er like nøgd med?

– Sånn vil det alltid vere med samarbeidspartnarar. Eg er sikker på at det ikkje var alt Aps homonettverk var nøgd med frå Sp då dei sat i regjering saman. Når vi snakkar godt saman, kan vi flytte staur.

NEI TAKK: Homonettverket i Ap meiner KrF er uaktuell som regjeringspartnar dersom dei ikkje legg vekk homopolitikken sin.

HOMOKAMP

Frå Ap-hald har flørtinga med KrF vore nærast unison det siste året. Til no.

Jon Reidar Øyan, leiar i Aps homonettverk, går no ut og åtvarar mot at eit regjeringssamarbeid kan setje homokampen tilbake.

– Det er heilt uaktuelt å gå i regjering med KrF dersom dei ikkje er erkjenner at dagens rettar står fast, seier Øyan.

Denne veka vedtok Homonettverket samrøystes på sitt årsmøte ein resolusjon som stiller tre krav. Om ikkje desse blir innfridd, meiner dei KrF er «fullstendig uaktuelle» som deltakarar i ei regjering med Ap. Krava er:

«Felles ekteskapslov, adopsjonsprøvingsrett og assistert befruktning ligger fast og skal ikke reverseres.»

«Menneskers rett til å bestemme over egen kropp skal på ingen måte innskrenkes.»

«LHBT+-personers rettigheter skal ikke svekkes, men videre styrkes.»

Fakta

KrFs vegval:

• På landsmøtet skal KrF formelt avklare kor dei skal gå. Etter ei samrøystes innstilling frå landsstyret er det likevel lite spaning knytt til sjølve vedtaket.

• Dei slo fast at: «KrF vil arbeide for en regjering i 2017 som består av flest mulig av sentrumspartiene og partiet Høyre. Med respekt for de politiske forskjellene er et regjeringssamarbeid med Frp ikke aktuelt. Dersom et regjeringssamarbeid sentrum/Høyre ikke er mulig etter valget, må KrF søke andre gjennomslag for vår politikk og mest sannsynlig velge opposisjon.»

Har lært av historia

Øyan meiner det kan vere aktuelt å samarbeide med KrF i Stortinget, men at ei regjering ikkje kan kompromisse på desse punkta.

– Men det sit langt inne. KrF har påført LHBT-personar mykje smerte og gjort kvardagen til mange av oss meir komplisert enn han hadde måtta vere, seier Øyan.

Homonettverket meiner historikken til KrF gjer dei krevjande å samarbeide med.

– Det er ikkje eit vakkert syn. Då Stortinget avkriminaliserte sex mellom menn i 1972, røysta KrF i staden for å også kriminalisere sex mellom kvinner, seier Øyan.

I 2005 slo Soria Moria-erklæringa fast at regjeringa skulle jobbe for ei felles ekteskapslov. I erklæringa stod det at Senterpartiets representantar var stilt fritt i denne saka.

– Blei ikkje Sp meir homovenlege av å nettopp sitje i regjering, då?

– Jo, vi såg ei positiv endring, til dømes då Magnhild Meltveit Kleppa skifta standpunkt og gjekk inn for felles ekteskapslov. Men dagens Sp-leiar Trygve Magnus Slagsvold Vedum røysta jo mot, minner Øyan om.

Redd for reversering

Øyan meiner han har sett positive signal hos KrF.

– Vi er glade for at Knut Arild Hareide gjekk i Pride-paraden i Oslo, og vi ser at vi står saman i ein del likestillingssaker, seier Øyan.

Homonettverket fryktar at viktige sigrar kan gå i vasken om Ap lar KrF diktere homopolitikken.

– Homokampen er aldri vunne éin gong for alle.

KrF ønskte ikkje å uttale seg i saka.

politikk@klassekampen.no

Onsdag 21. november 2018
KAN SNU: Få vil stå opp for EØS i LO. Lederne i Handel og Kontor og Arbeidsmandsforbundet åpner for at deres forbund også kan snu.
Tirsdag 20. november 2018
VRAKET: Rogaland KrF vil ha Kjell Ingolf Ropstad som ny KrF-leder – ikke Olaug Bollestad. Flere fylker peker på Hans Olav Syversen etter rå maktkamp.
Mandag 19. november 2018
HÅRDA BUD: Frisør­bransjen sliter med å rekruttere tillits­valgte. Elisabeth Landstad ble sagt opp kort tid etter konflikt med sjefen.
Lørdag 17. november 2018
ANBUD: NSB var best på organisasjon og ledelse, mens SJ var best på kundetilfredsstillelse. Go-Ahead var kun best på pris i anbudskonkurransen om å få drifte Sørlandsbanen.
Fredag 16. november 2018
HEMMELIG: Etterretningstjenesten skal betale kilder svart – og kunne bryte norsk lov uten straff. Det er regjeringens forslag til ny etterretningslov.
Torsdag 15. november 2018
SATSER: Equinor bruker rekordmye penger på lobbyisme i Brussel. Målet er å sikre etterspørselen etter gass i lang tid framover.
Onsdag 14. november 2018
VIND I SEGLA: Produksjonen av kraft frå vindturbinar vert meir enn firedobla innan 2020. Nasjonal ramme for vindkraft skal opne for endå meir, men ikkje på Smøla.
Tirsdag 13. november 2018
VISJON: Torgeir Knag Fylkesnes vil styrke SVs nærings- og distriktsprofil. – Mitt største ønske for SV er at vi skal bli mer ambisiøse og mindre flinke, sier han.
Mandag 12. november 2018
IKKE RØR! Stjørdal kommune har for mange barnehager, men på tross av støtte fra et enstemmig bystyre får de ikke lov å kutte antall plasser hos private. Nå drøfter Stortinget lovendring.
Lørdag 10. november 2018
DYRT: Zerokonferansen omtaler seg selv som Norges viktigste møteplass for alle som er opptatt av klima. Men hvis vanlige folk skal med, må prisen ned, sier Natur og Ungdom.