Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Skeive historier har ofte floge under radaren. Det skal det no bli slutt på.

Skeive liv i lyset

Året 2016 var eit merkeår for skeive i Noreg. Med «skeive» meiner eg alle som anten ikkje føler seg heime i kategorien «hetero», eller som ikkje kjenner seg att i dei vanlege kjønns- og genuskategoriane. Nok om det. Med kongens strålande tale i hageselskapet, og ikkje minst innsatsen til Isak og Even og kompisane deira, kan ein ikkje la vere å føle at vi har gjort eit byks framover her oppe frå aksept til reell likestilling og kulturell medborgarskap. Sjølvsagt finst det framleis somme som får problem på grunn av seksualiteten sin, men livet er jo konstruert slik at vi faktisk får problem frå tid til anna. Og vi har nok kome dit at dersom nokon gjer seksualiteten din til eit problem, er det han eller ho som har problemet, og ikkje du.