Tirsdag 7. februar 2017
GLASNOST: – Mange i Framstegspartiet ønsker ei oppmjuking i forholdet til Russland, seier Christian Tybring-Gjedde, andre nestleiar i utanriks­komiteen. 8Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix
Christian Tybring-Gjedde (Frp) om ny trusselvurdering som åtvarar mot russisk militære og hacking:
– Kan forverra forholdet
Undersak

Ser tre truslar

Rapporten «Fokus» frå E-tenesta er ein av fire årlege trussel- og risikovurderingar. Dei tre andre kjem frå Politiets tryggings­teneste, Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I «Fokus 2017» trekk E-tenesta fram tre konkrete truslar mot norske interesser:

Truslane i det digitale rommet mot politiske, militære og økonomiske mål i Norge. Rapporten peikar spesielt på Russlands innblanding i presidentvalkampen i USA.

Terrortrusselen frå militante islamistar. E-tenesta peikar spesielt på trusselen frå Den islamske staten (IS) som kan knytast til dei fleste angrepa på europeisk jord. Sjølv om IS er svekkja i kjerneområda i Irak og Syria, har organisasjonen framleis eit nettverk i Europa.

• Russland. Rapporten åtvarar mot «eit militært styrkt og tryggingspolitisk sjølvsikkert Russland med auka vilje til å bruke makt for å hevde interessene sine. I dagens tryggingspolitiske klima kan einskildepisodar få alvorlege konsekvensar som ingen av partane i utgangspunktet ønskjer eller er tente med.»

Det blir peika på at Russland, trass i ein pressa økonomi, prioriterer utviklinga av våpenteknologi. «Det påverkar Norge», seier E-teneste-sjef Morten Haga Lunde, ifølgje NTB.

KRITISK: E-tenesta sin trusselrapport vier Russland stor merksemd. Christian Tybring-Gjedde i Frp fryktar det vil skapa dårlegare forhold til naboen i aust og skulle helst sett at rapporten var hemmelegstempla.

Etter­retning

Russland var via stor merksemd i den opne trusselvurderinga som E-tenesta la fram i går. 20 av dei til saman 45 sidene i rapporten presenterte Russlands økonomi, militærmakt og utanrikspolitiske ambisjonar.

I tillegg vart farane for russiske hacker-angrep drøfta i eit eige kapittel som slo fast at dei mest alvorlege truslane mot digitale system i Norge vil koma frå russisk og kinesisk hald.

Rapporten uroar Christian Tybring-Gjedde i Framstegspartiet (Frp), som er andre nestleiar i utanrikskomiteen.

– Me har alt eit dårleg naboskap til Russland, og denne rapporten kan vera med å forverra forholdet. Mitt generelle inntrykk er at me må tona ned den påståtte trusselen frå Russland, seier Tybring-Gjedde.

Fakta

E-tenestas opne trusselvurdering:

• Etterretningstenesta (E-tenesta) er den norske tenesta for utanlandsetterretning. Tenesta er underlagd forsvarssjefen, men arbeidet er ikkje avgrensa til militære problemstillingar.

• I vurderinga «Fokus 2017» peiker E-tenesta ut område som dei meiner er særleg relevante for norsk tryggleik og nasjonale interesser.

• Russland blir via særleg stor merksemd i rapporten, både når det gjeld militær styrkeoppbygging i Russland og trusselen frå russiske hackarar.

– Sender tydelege signal

Han er kritisk til at E-tenesta legg fram desse vurderingane i ein offentleg rapport.

– Det sender eit tydeleg signal. Den utvida utanrikskomiteen på Stortinget får jamleg oppdateringar om tryggleikssituasjonen. Slik informasjon kan like godt bli gjeven der.

– E-tenesta er tidlegare blitt skulda for å driva med for mykje hemmeleghald. Er det ikkje bra den gjer kunnskapen den sit på tilgjengeleg for alle?

– Det er ikkje alt alle har nytte av å vita. Rapporten kjem uansett ikkje med råd til vanlege folk om kva dei bør gjera i denne situasjonen.

Trump-effekt

Rapporten nemner ikkje korleis Donald Trump som ny president i USA kan påverka norske interesser. Trump har tidlegare uttalt seg positivt til Russlands president Vladimir Putin.

Tybring-Gjedde meiner det bør få klare følger for norsk utanrikspolitikk om Trump og Putin nærmar seg kvarandre.

– Det er heilt sjølvsagt. Om Putin og Trump møtes og blir einige om fleire tema, blir det vanskeleg for Noreg å oppretthalda same forhold til Russland som i dag.

Rapporten frå E-tenesten åtvarar mot eit «meir aggressivt og sjølvhevdande Russland» som sit på informasjon som landet kan bruka til å påverka politiske prosessar og val i andre land.

– Eg er ikkje redd for at Russland kjem til å påverke stortingsvalet i Noreg. Russland har kanskje påverka valet i USA, men norsk politikk er ikkje yttarlegåande i noko særleg grad. Russland vil kanskje heller satsa på å påverka vala i Nederland eller Frankrike, meiner Tybring-Gjedde.

Frp meir Russland-venleg

Frp-nestor Carl I. Hagen har tidlegare skrive «Obama er smålig – Putin er smart!» på Facebook-sida si som ein kommentar til at USAs tidlegare president Barack Obama utviste russiske diplomatar etter skuldingar om at Russland påverka presidentvalet.

Frps stortingsrepresentant Ulf Leirstein har teke til orde for eit meir normalisert forhold til Russland og har sagt til Minerva at «Vi får en tryggere verden hvis Putin og Trump gjør felles front mot vår tids største trussel, nemlig islamistene».

– Er Frp det partiet som er mest positivt til Russland?

– Ja, mange i Frp ønsker ei oppmjuking i forholdet til Russland. Den kalde krigen er over, og liberale demokrati vann den krigen. Det verste som no kan skje, er at me startar ein ny kald krig. Eg skulle ønska at fleire politikarar på venstresida fekk eit meir balansert syn på Russland. Mange på den fløya ser på Putin som ein høgrepopulist, og er difor redde for eit samarbeid, seier Tybring-Gjedde.

Det ønsket vil ikkje komitekollega Bård Vegar Solhjell frå SV oppfylla:

– Me ser at høgrepopulistar over heile Europa allierer seg med Trump og Putin. Det høyrest ut som at Tybring-Gjedde er på den linja. Siv Jensen må avklara om dette er partiets politikk, seier han.

Nyleg vart han og Trine Skei Grande (V) nekta innreise til Russland, då utanrikskomiteen skulle på reise.

– Eg er positiv til meir dialog med Russland. Difor er det trist at me vart nekta innreise.

marial@klassekampen.no

Mandag 16. september 2019
ADVARSEL: Stasjonssjefen på Kongsberg advarte mot konsekvensene av politireformen. – Jeg forstår innbyggernes følelse av at de har tapt noe, sier Håvard Revå.
Lørdag 14. september 2019
LØFTEBRUDD: Politireformen ga løfter som ikke ble holdt. I Numedal kryper utryggheten inn i husene til folk. Frykten er at det som er blitt ødelagt, ikke lar seg reparere.
Fredag 13. september 2019
SKILLE: Private barnehager kan selv velge ut hvilke barn de vil tildele plass. Noen stiller som krav at foreldrene må kjøpe aksjer for å få barnehageplass.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.
Tirsdag 10. september 2019
OPPVASK: Etter nok et smertefullt valg ber tidligere Ap-topp Helga Pedersen partiet om å alliere seg med MDG for å vinne regjeringsmakt i 2021.
Mandag 9. september 2019
POSISJON: MDG håper et brakvalg i dag vil gi makt i en rekke byer. Nasjonal talsperson Arild Hermstad åpner for å ta partiet inn i regjering i 2021.
Lørdag 7. september 2019
STØRRE: Siden streiken i Foodora startet har fagforeningen vokst fra 102 til 195 medlemmer. Foodora hevder fagforeningen ikke er opptatt av gode arbeidsvilkår.
Fredag 6. september 2019
AVTALE: Oslo-byrådet har fått med seg fagbevegelsen på å godta langturnuser i barnevernet. Nå lover Inga Marte Thorkildsen (SV) at alle kommersielle skal ut av Oslos barnevern innen 2021.
Torsdag 5. september 2019
DYRT: Bent Høie (H) inviterer helse­sektoren til nettverksbygging og faglig påfyll om Sykehus-Norge. Prislappen kan føre til at bare dem som er på innsida, har råd, sier fag­forening.