Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Transkvinner synest å provosera meir enn transmenn. Korfor er det slik?

Kva er ei kvinne?

Den siste tida har det vore ein diskusjon her i avisa om transpersonar. Meir presist kan ein seie at diskusjonen har handla om transkvinner skal betraktast og vurderast og behandlast som kvinner. Utgangspunktet for ordskiftet var at SV’s kvinnekonferanse drog tilbake ein invitasjon til den britiske feministen Julie Bindel fordi ho ekskluderer transkvinner frå kategorien «kvinne» i såpass grove ordelag at ho står fram som transfob. Leiaren i FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald støtta ekskluderinga, og la til at «den feministiske kampen må ha som mål å frigjøre oss alle frå begrensende kjønnsnormer», noko som fall Brit Lien i Kvinnefronten tungt for brystet. Ho meinte at feminismen har andre prioritetar, og at det å «akseptere og respektere en mann for sin erfaring for kvinne» var ei latterleggjering av kvinnekampen.