Mandag 16. januar 2017
OVER EIT FJELL, GJENNOM EIN TUNNEL: Det kan bli meir kraftutbygging i åra som kjem. Her ser vi ei kraftutbygging i Rosten i Sel kommune i Gudbrandsdalen. Foto: Tom Henning Bratlie
Høgre opnar for å byggje ut meir vasskraft i sitt nye partiprogramutkast:
Meir rør med Høgre
Undersak

Kritiske til meir utbygging

– Dette er vi ikkje glade for, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

Ho meiner ein ikkje kan løyse klimaproblema med å byggje ned norsk natur:

– To tredelar av norske vasskraft er utbygd. Sju av dei ti største fossane ligg i røyr, fortel Lundberg.

Naturvernforbundet har i hundre år arbeidd mot nedbygging av norske vassdrag.

– Generasjonane som kjem etter oss skal kunne få lov til å oppleve den unike, norske naturen, seier Lundberg.

Ho fortel at tida for dei verkeleg store utbyggingane i Noreg er over, men:

– No ser vi i staden ei ganske omfattande utbygging av småkraftverk. Og i Olje- og energidepartementet ligg det fleire ganske stygge saker. Ofte manglar kunnskapsgrunnlaget som burde vore der, seier Lundberg.

Tina Bru
BYGGJEKLAR: Programkomiteen i Høgre går inn for meir kraftutbygging. – Dette er vi ikkje glade for å høyre, svarer Naturvernforbundet.

NATURVERN

Dersom programkomiteen i Høgre får det som dei vil, vedtek landsmøtet i mars at Høgre vil opne for «skånsom utbygging i nye vassdrag forutsatt at viktige verneinteresser ivaretas».

– Små grep i nokre vassdrag kan gje mykje kraft. Derfor vil vi i nokre tilfelle opne for utbygging. Men dette er inga blankofullmakt, seier Tina Bru.

Ho er energipolitisk talsperson i Høgre og medlem av programkomiteen.

I fjor opna Stortinget for at ein kan byggje ut vassdrag der det i dag er fare for flaum og skred.

No kan Stortinget ta endå eit steg i retning av å opne opp:

– Ja, dette er ei lita liberalisering, seier Bru til Klassekampen.

Ho meiner det er fleire gode grunnar til utbygging:

– Å byggje ut meir kraft er bra både for inntektene til kommunar og for å skape fornybarsamfunnet.

Fakta

Kraftutbygging:

• Her er teksten som ligg i framlegget til nytt partiprogram for Høgre. Partiet vil

• «åpne opp for skånsom utbygging i nye vassdrag forutsatt at viktige verne­interesser ivaretas.»

• «sikre gode rammebetingelser for investering og utvikling av eksisterende og nye vannkraftverk.»

• «delprivatisere Statkraft, men la kontantstrømmen fra de norske vannfallene tilfalle staten direkte.»

• «utarbeide en helhetlig strategi for hvordan potensialet for opprustning og utvidelse av vannkraftverk kan realiseres, og gjennomgå dagens skatteregler.»

• «beholde dagens konsesjonsordninger for vannkraft.»

• «sikre offentlig kontroll over vannkraftressursene gjennom konsesjonsbestemmelser og skatteregler som sikrer fellesskapets interesser. Dagens konsolideringsmodell, som innebærer at nye konsesjoner kun skal gis til selskaper der det offentlige eierskapet er minst to tredjedeler, skal legges til grunn for eierskap til vannkraftverk.»

Vil ruste opp

Bru meiner likevel at det er andre grep som er viktigare for utbygginga av fornybar energi:

– Det viktigaste er å ruste opp eksisterande kraftverk.

Derfor vil Høgre ha ein plan for opprustning og utviding av dagens vasskraftverk og dessutan gå gjennom skattereglane. Bru meiner dagens regelverk i mange tilfelle står i vegen for nyinvesteringar.

– Verneinteressene er viktige. Men vi må òg gje insentiv til å satse på nærings­utvikling, seier Bru.

Høgre vil frede kraft­kommunanes inntekter frå vasskrafta. Dette er pengar som i dag kjem mange distriktskommunar til gode.

Meir lokalt styre

Eit anna punkt programkomiteen går inn for, er å «gi kommunene større myndighet og lokalt handlingsrom i areal­politikken».

– Kan ikkje dette også føre til meir nedbygging av naturen, då?

– Dei som bur på ein plass, veit best korleis ein kan ta vare på naturen rundt seg. Vi skal framleis ha lover og reglar, men innanfor dei må det vere rom for at ein kan ta avgjerder lokalt, seier Bru, og legg til:

– Eg synst ikkje at Oslo skal avgjere alt. Vettet er jamt fordelt i dette landet.

Vil delprivatisere Statkraft

Programkomiteen går også inn for å delprivatisere Statkraft, slik mellom andre Klassekampen tidlegare har skrive om.

Dei vil «la kontantstrømmen fra de norske vannfallene tilfalle staten direkte».

På denne måten meiner komiteen at dei unngår debatten om å «selje arvesølvet», slik Arbeidarpartiet og fleire andre har påstått.

politikk@klassekampen.no

Mandag 16. september 2019
ADVARSEL: Stasjonssjefen på Kongsberg advarte mot konsekvensene av politireformen. – Jeg forstår innbyggernes følelse av at de har tapt noe, sier Håvard Revå.
Lørdag 14. september 2019
LØFTEBRUDD: Politireformen ga løfter som ikke ble holdt. I Numedal kryper utryggheten inn i husene til folk. Frykten er at det som er blitt ødelagt, ikke lar seg reparere.
Fredag 13. september 2019
SKILLE: Private barnehager kan selv velge ut hvilke barn de vil tildele plass. Noen stiller som krav at foreldrene må kjøpe aksjer for å få barnehageplass.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.
Tirsdag 10. september 2019
OPPVASK: Etter nok et smertefullt valg ber tidligere Ap-topp Helga Pedersen partiet om å alliere seg med MDG for å vinne regjeringsmakt i 2021.
Mandag 9. september 2019
POSISJON: MDG håper et brakvalg i dag vil gi makt i en rekke byer. Nasjonal talsperson Arild Hermstad åpner for å ta partiet inn i regjering i 2021.
Lørdag 7. september 2019
STØRRE: Siden streiken i Foodora startet har fagforeningen vokst fra 102 til 195 medlemmer. Foodora hevder fagforeningen ikke er opptatt av gode arbeidsvilkår.
Fredag 6. september 2019
AVTALE: Oslo-byrådet har fått med seg fagbevegelsen på å godta langturnuser i barnevernet. Nå lover Inga Marte Thorkildsen (SV) at alle kommersielle skal ut av Oslos barnevern innen 2021.
Torsdag 5. september 2019
DYRT: Bent Høie (H) inviterer helse­sektoren til nettverksbygging og faglig påfyll om Sykehus-Norge. Prislappen kan føre til at bare dem som er på innsida, har råd, sier fag­forening.