Du kan bla til neste sideBla med piltastene

• Norge orsaker ikkje omstridd fredspris • Sterk eksportauke trass i surt politisk klima

Lover å ikkje irritere Kina

Nye vener: Utanriksministrane Børge Brende og Wang Yi signerte fellesfråsegna mellom Norge og Kina i Beijing i går. Det er gode nyheiter for norske lakseeksportørar. Foto: Frode Overland Andersen, Utenriksdepartementet/NTB scanpix

JULEFRED: Norge vil avstå frå å provosere Kina politisk, men har ikkje beklaga fredsprisen til Liu Xiaobo. Laksenæringa og Børge Brende er vinnarane når forholdet til Kina no fell på plass.

Fellesfråsegna mellom Norge og Kina som utanriksministrane Børge Brende og Wang Yi signerte i Beijing i går, er eit diplomatisk kompromiss som har tatt fleire år. Forholdet blir normalisert utan at nokon går på akkord med sine hovudprinsipp.