Torsdag 15. desember 2016
NYTTÅRSFORSETT: SV-leiar Audun Lysbakken og nestleiar og programkomitéleiar Snorre Valen håpar SV går i regjering etter valet neste haust. Foto: Siv Dolmen
SV stiller fire nye hovudkrav: barnetrygd, oljestopp, lærarløft og profittfridom:
No vil dei i regjering
Undersak

Taus om oljekrav

Hadia Tajik, nestleiar i Ap, tek godt imot mange av krava:

– Kamp mot forskjellar, satsing på arbeid og fleire lærarar er attkjennande saker som eg har tru på at vi kan arbeide saman om, seier Tajik til Klassekampen.

Ei raudgrøn regjering er ikkje noka ny oppfinning:

– Vi sat i regjering i lag i åtte år. Vi speler kvarandre gode, seier Tajik.

– SV stiller eit ganske tøft krav om olje?

– Eg ber om forståing for at eg ikkje kan forhandle om dette i Klassekampens spalter. Vi kan ikkje ta sigeren på førehand sjølv om vi ligg bra an på målingane. I tillegg er både SV og Ap i ein programprosess.

– Er det godt nytt at SV vil i regjering?

– Vi har dei same måla. At det er fleire parti som gjev uttrykk for at det er på tide å byte ut regjeringa ser eg på som udelt positivt, seier Tajik.

MAKTPLAN: SV har ein plan: Får partiet gjennomslag for fire hovudkrav, skal partiet på ny søkje regjeringsmakt.

VAL 2017

– Vårt mål er å gå i regjering.

Med desse orda avklarer Snorre Valen, leiar for programkomiteen i SV, eit spørsmål fleire har lurt på det siste året. Valen er også nestleiar i partiet.

Men for å stø ein Ap-regjering, vil SV ha noko tilbake:

– Graden av aksept for desse krava avgjer kva slags samarbeid det er naturleg å gå inn i, seier Valen til Klassekampen.

Programkomiteen legg no fram fire krav som landsstyret og så landsmøtet skal diskutere og til slutt vedta:

Kamp mot fattigdom og auka barnetrygd.

Nei til oljeleiting i nye område og 90 prosent null­utsleppsbilar til sals i 2021.

Maks 15 elevar per lærar i småskulen og maks 20 frå 5. til 10. trinn.

Profittfri velferd.

Valen understrekar at både valresultat og den parlamentariske stoda vil spele inn i kor vidt SV går i regjering.

Fakta

SVs krav:

• Barnetrygd: Barnetrygda har ikkje vore prisjustert sidan 1996 og er på 970 kroner per barn. SV krev at den blir forsterka og i tillegg blir målretta for åleineforsørgjarar og for familiar med fleire barn. Målet er mindre barnefattigdom og ulikskap.

• Olje og klima: SV krev at Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokkene og alle uopna delar på norsk sokkel blir verande oljefrie. Partiet vil at 9 av 10 bilar som blir kjøpt i 2021, skal vere nullutsleppsbilar, ved å endre eingongsavgifta og støtte ladeinfrastruktur i heile landet.

• Fleire lærarar: SV krev ei forskrift for maks 15 elevar per lærar frå 1. til 4. trinn og maks 20 elevar frå 5. til 10. trinn, og vil sørgje for dei ressursane som trengst.

• Profittfri velferd: SV vil stoppe kommersielle eigarars høve til å ta ut profitt frå velferdstenester.

Barnetrygd mot fattigdom

– Barnetrygda er utan samanlikning det mest effektive verkemiddelet for å kjempe mot barnefattigdom, og det er sterkt utjamnande generelt. Vi vil auke den kraftig, seier Valen.

Han peikar på at om barnetrygda hadde same krone­verdi i dag som i 1996, ville 18.000 færre ungar (av til saman 92.000) levd under fattigdomsgrensa.

– Kor konkret er kravet?

– Eg vil ikkje seie noko tal no, men den må bli styrkt til eit punkt der den faktisk har verknad. Talet på fattige barn skal ned, ikkje opp, seier Valen.

Det tradisjonelt oljeentusiastiske Ap vil møte tøffe krav frå SV neste år:

– Vi vil hindre oljeboring i Lofoten, Vesterålen, Senja og andre uopna delar av norsk sokkel, som Skagerak, Møreblokkene og Jan Mayen.

Valen seier at sjølv om varig vern er det primære ønsket til SV, er det nei til konsekvensutgreiing i neste periode som no er kravet.

– Stemmer det at SV ikkje går i regjering om eitt einaste nytt oljeområde blir opna?

– Ja, uopna delar av norsk sokkel er uaktuelt for oss å opne, seier Valen.

I tillegg vil dei endre bilparken. Ni av ti bilar som blir selde i 2021 skal vere null­utsleppsbilar.

Lærarpartiet

SV vil òg ha fleire lærarar:

– Vi vil ha fleire lærarar i skulen fordi det er ein føresetnad for alle dei andre tinga vi vil gjere der. Dessutan treng vi å gjenreise lærarens faglege autoritet, og vi vil at kvar enkelt elev får tilbodet som trengst, seier Valen.

Han vil òg stanse profitten i velferda:

– Innanfor barnevern er det viktigast å stoppe anboda. I barnehagane er det høgaktuelt å sjå på den svenske modellen, der ein gjer det umogleg å ta ut profitt på skattekroner og foreldre­betaling.

– Kva er grensene her? Er til dømes kollektivtransportdrift ei velferdsteneste?

– Vi har ikkje spesifisert sektorar, men eg ser for meg at barnevern, barnehagar og helse og omsorg er dei vi vil ta tak i fyrst.

– Blir alt dette dyrt?

– I sum er ikkje dette ein gong halvparten av skatte­kutta frå regjeringa dei siste fire åra, seier Valen.

Men korleis får dei fleirtal?

– Om de får gjennomslag for tre av fire: går de i regjering då, eller må de få noko på alle?

– Det siste. Vi stiller fire krav som vi vektlegg like mykje. Forhandlingsrommet ligg i korleis dei bli gjennomført, ikkje kor vidt dei blir gjennomført eller ikkje, seier Valen.

Om det ikkje blir regjeringsmakt, er framleis samarbeidsavtale eit alternativ.

– Vedum har eit anna ord for samarbeidsavtale, nemleg «husmannskontrakt». Men dét kan de gå inn for?

– Ja, vi bryr oss om politikk, ikkje format, fyrst og fremst.

– Det er ingen krav om skatt her?

– Vi kjem heilt openbart til å vere sta og uforsonlege i spørsmål om skatt. Men skatt er eit styringsverktøy, og eg er skeptisk til eit nytt skatte­løfte. Noko av problemet er at høgresida kuttar skattane, medan venstresida er eit slags pauseinnslag. Det er stor skilnad på oss og Ap i spørsmål om korleis skattesystemet skal omfordele. Her blir det tøffe forhandlingar, lovar SV-toppen.

I 2005 innførte SV og Sp ein «sjølvmordsparagraf» på spørsmålet om norsk EU-medlemskap.

– Fleire krav vi stilte i 2005 er heilt sjølvsagde i dag. Skal vi i forpliktande samarbeid med Ap, så skal ikkje vi søkje om noko EU-medlemskap!

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 15. desember 2016 kl. 13.29
Mandag 16. september 2019
ADVARSEL: Stasjonssjefen på Kongsberg advarte mot konsekvensene av politireformen. – Jeg forstår innbyggernes følelse av at de har tapt noe, sier Håvard Revå.
Lørdag 14. september 2019
LØFTEBRUDD: Politireformen ga løfter som ikke ble holdt. I Numedal kryper utryggheten inn i husene til folk. Frykten er at det som er blitt ødelagt, ikke lar seg reparere.
Fredag 13. september 2019
SKILLE: Private barnehager kan selv velge ut hvilke barn de vil tildele plass. Noen stiller som krav at foreldrene må kjøpe aksjer for å få barnehageplass.
Torsdag 12. september 2019
VINNAR: Etter ein knusande val­siger i Nordkapp vil SV og Senterpartiet ta frå Rica-gruppen kontrollen over Nord­kapplatået.
Onsdag 11. september 2019
NØTT: Mens LO-leder Hans-Christian Gabrielsen er avvisende til et mulig nasjonalt MDG-samarbeid, vil ikke Mette Nord i Fagforbundet utelukke en slik allianse.
Tirsdag 10. september 2019
OPPVASK: Etter nok et smertefullt valg ber tidligere Ap-topp Helga Pedersen partiet om å alliere seg med MDG for å vinne regjeringsmakt i 2021.
Mandag 9. september 2019
POSISJON: MDG håper et brakvalg i dag vil gi makt i en rekke byer. Nasjonal talsperson Arild Hermstad åpner for å ta partiet inn i regjering i 2021.
Lørdag 7. september 2019
STØRRE: Siden streiken i Foodora startet har fagforeningen vokst fra 102 til 195 medlemmer. Foodora hevder fagforeningen ikke er opptatt av gode arbeidsvilkår.
Fredag 6. september 2019
AVTALE: Oslo-byrådet har fått med seg fagbevegelsen på å godta langturnuser i barnevernet. Nå lover Inga Marte Thorkildsen (SV) at alle kommersielle skal ut av Oslos barnevern innen 2021.
Torsdag 5. september 2019
DYRT: Bent Høie (H) inviterer helse­sektoren til nettverksbygging og faglig påfyll om Sykehus-Norge. Prislappen kan føre til at bare dem som er på innsida, har råd, sier fag­forening.