- Venstre og Kristeleg Folkeparti har gjennom forliket med regjeringa dratt statsbudsjettet i rett retning. Det er positivt at Venstre fekk inn tiltak som vil redusere utsleppa av klimagassar og det er bra at KrF fekk gjennomslag for krav om fleire tilsette i barnehagane og fleire lærarar på barnetrinnet i skolen. Forliket rokkar likevel ikkje med den grunnleggande feilprioriteringa til den blåblå regjeringa: Gjennom fire statsbudsjett har hovudprioriteringa til dei borgarlege partia vore skattekutt. På fire år har dei gitt 25 milliardar kroner i skattelette, aller mest til dei som har mest frå før. Samtidig har regjeringa vist ein sjokkerande mangel på handlekraft i møte med den skyhøge arbeidsløysa.
Rot og kaos
Leder