Onsdag 2. november 2016
PR-TUNGT: Aps listetopper Victoria Marie Evensen, Eskil Pedersen, Zaineb Al-Samarai, Inger Helene Vaaten og Jon Reidar Øyan har alle en fot innenfor PR-bransjen.
Nesten halvparten av Oslo Aps listetoppar er PR-folk:
PR-fest hos Ap
Signe Horn
PR-BYRÅ-KRATI: Vil du at Stortinget skal fyllast av folk frå kommunikasjonsbransjen? Då bør du stemme Oslo Ap.

ARBEIDAR­PARTIET

Heiltidspolitikarar, politiske rådgjevarar – og kommunikasjonsfolk. Desse yrkesgruppene dominerer framlegget til ny stortingsliste for Oslo Ap. Av listas 25 namn er 20 yrkesaktive. Av desse er det berre fire som har ein annan jobb enn rådgjeving, PR og fulltidspolitikk.

Måndag kveld la komitéleiar Signe Horn fram ei samrøystes innstilling frå nominasjonskomiteen i Oslo Ap. På toppen finn vi Jonas Gahr Støre, Marianne Marthinsen og Jan Bøhler.

Men vidare på lista det tett mellom kommunikasjonsnamna: Zaineb Al-Samarai arbeider i kommunikasjonsbyrået Rud Pedersen. Inger Helene Vaaten og Jon Reidar Øyan er kommunikasjonsrådgjevarar i Handel og Kontor og i Arbeidarpartiets stortingsgruppe.

Victoria Marie Evensen er fulltidspolitikar i Oslo Rådhus, men kjem frå stillinga som tekstforfattar i reklamebyrået Dinamo. Og Eskil Pedersen er kommunikasjonssjef i Nortura SA.

Lengre ned på lista finn vi òg Katinka Riksfjord Sporsem, som nyleg kom til stillinga som dagleg leiar i LO-forbundet Norsk Flygerforbund frå jobben som kommunikasjonssjef i Tankesmien Agenda.

Fakta

Nominasjon i Oslo Ap:

• Måndag kveld la nominasjonskomiteen fram ei samrøystes innstilling til kven som skal stå på stortingslista til Oslo Ap ved valet 2017.

• Lista er på høyring til 14. november. 22. november er det nominasjonsmøte.

Oslo Aps topp 13:

1. Jonas Gahr Støre, stortingsrepresentant

2. Marianne Marthinsen, stortingsrepresentant

3. Jan Bøhler, stortingsrepresentant

4. Siri G. Staalesen, fylkessekretær i Oslo Ap

5. Espen Barth Eide, direktør i World Economic Forum

6. Zaineb Al-Samarai, kommunikasjonsrådgjevar i Rud Pedersen kommunikasjonsbyrå

7. Didrik Beck, student

8. Inger Helene Vaaten, informasjonsrådgjevar i Handel og Kontor

9. Fredrik Mellem, leiar av Oslo Arbeidersamfunn

10. Jon Reidar Øyan, kommunikasjonsrådgjevar i Aps stortingsgruppe

11. Marthe Scharning Lund, stabssjef ved byrådsleiarens kontor

12. Victoria Marie Evensen, leiar av byutviklingskomiteen i Oslo bystyre, har arbeidd i reklamebyrået Dinamo

13. Eskil Pedersen, kommunikasjonssjef i Nortura SA

– Ikkje reflektert over det

Komitéleiar Signe Horn meiner Oslo Aps liste er sterk.

– Eg er glad for ei samrøystes innstilling. Det er ofte eit kvalitetsteikn at ein får til det.

– Kva tenkjer du om at nesten halvparten av toppkandidatane er kommunikasjonsrådgjevarar?

– Det har eg faktisk ikkje reflektert over. Kven er det snakk om?

– Zaineb Al-Samarai, Inger Helene Vaaten, Jon Reidar Øyan, Victoria Marie Evensen og Eskil Pedersen.

– Eg tenkjer eigentleg at dette er folk som er opptekne av politikk og samfunn, og som er opptekne av å kommunisere med sine omgjevnader. Det er dessutan berre éin som arbeider i byrå, seier Signe Horn. Ho legg til:

– Dette er folk som arbeider breitt med politikk og samfunn og som er godt forankra i Arbeidarpartiet.

– Med så mange kommunikasjonsfolk på lista – er dette den viktigaste gruppa for Ap å nå i valet?

– Eg er ikkje sikker på om eg er samd i premissen i det spørsmålet, seier Horn.

På lista er det to pensjonistar, to studentar og éin skuleelev. I tillegg er det ein prosjektleiar i politiet, to tilsette i LO-forbund, ein forbundssekretær i NTL og ein fagrådgjevar i Stordalen-stiftinga Eat. Ein er fagsjef i Finans Norge, og Espen Barth Eide er direktør i World Economic Forum. Resten arbeider på fulltid for Arbeidarpartiet, som politiske rådgjevarar eller med kommunikasjon.

– Burde det vore fleire «vanlege» yrke representert?

– At ein kjem frå Handel og Kontor eller samvirkeverksemda Nortura – eg kan ikkje sjå at det er eit problem. Zaineb jobbar i kommunikasjonsbyrå, men eg synst det er mykje viktigare at ho er jurist, har internasjonal erfaring, er minoritetskandidat og ikkje minst har gjort ein bra jobb i Ap og for idretten, seier Horn.

– Ulik erfaring

Ei av dei som har fått plass på lista, er Victoria Marie Evensen. Ho er fulltidspolitikar i Oslo Rådhus som leiar av byutviklingskomiteen, og sa opp som tekstforfattar i Dinamo då ho fekk dette vervet i fjor haust.

– De er fem med kommunikasjonsbakgrunn, synst du det er passe mange?

– Vi fem representerer svært ulik kompetanse, erfaring og kunnskap, og eg stoler på at nominasjonskomiteen har vurdert alle våre ulike kvalitetar. Det er i grunnen det eg har å seie om dét, seier Evensen til Klassekampen.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 4. november 2016 kl. 17.14
Lørdag 19. oktober 2019
TATT: To år etter snokeskandelen i ­Agder er Nav-ansattes personvern fortsatt ikke bra nok. Datatilsynet slakter praksisen, og Nav lover å skjerpe seg.
Fredag 18. oktober 2019
MOTVIND: Regjeringa legg vekk vindkraftplan etter massiv motstand landet rundt. – Skuffande, seier investor Jens Ulltveit-Moe.
Torsdag 17. oktober 2019
LETTET: Etter harde slag på Fellesforbundets landsmøte vant EØS-tilhengerne med 300 mot 218 stemmer. Men de krever utredning av alternativer til EØS.
Onsdag 16. oktober 2019
STOPP: Motstand i folket kan bety stans for norsk vindkraft, spår Norges vassdrags- og energidirektorat i sin analyse av kraftmarkedet fram mot 2040.
Tirsdag 15. oktober 2019
I MØTE: Tidligere har Ap-ledelsen avvist forslag om å utrede EØS. Nå sier Støre at det kan være en god idé.
Mandag 14. oktober 2019
FRONTER: Forbundsledelsen håper i det lengste på et kompromiss, men mye tyder på at det blir kamp­avstemning for eller mot EØS i Fellesforbundet.
Lørdag 12. oktober 2019
SMUTTHULL: ­Norge vil forplikte seg til å kutte 40 prosent av utslippene innen 2030 gjennom en avtale med EU. Men avtalen åpner for at man slipper å ta kuttene i Norge.
Fredag 11. oktober 2019
KONTROLL: Snart går toget for norsk råderett over jernbanen. Torsdag lammet ansatte på tog, buss og bane kollektivtrafikken i protest mot at EU får kontroll over togene.
Torsdag 10. oktober 2019
KRYMPER: De store industriarbeiderforeningene er ryggraden i Fellesforbundet. Men på mange verft er nå østeuropeiske innleide arbeidere i flertall.
Onsdag 9. oktober 2019
OPPRUSTING: Forsvarssjefen vil helst ha 25 milliarder kroner i økte forsvarsbudsjetter. Det er like mye som Solberg-regjeringens samlede skattekutt.