Fredag 7. oktober 2016
TJA: For sentrumspartia kan det vise seg at graset – eller budsjettavtalen – faktisk er grønare på den andre sida.
Statsminister Erna Solberg (H) er uroa for signala frå stortingsgruppa til Venstre:
Uroa for regjeringskrise
KLIMAKRISE: Venstre er svært misnøgde med regjeringas framlegg til statsbudsjett. Samstundes lovar Ap eit langt grønare opplegg.

klima

Klimaskepsisen i Venstre blei ikkje mindre av å endeleg få lese regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2017. No blir det i fullt alvor snakka om regjeringskrise i Noreg.

Statsminister Erna Solberg (H) seier til Klassekampen at ho tek signala alvorleg.

– Medlemer av stortingsgruppa til Venstre snakkar om at ein kan styre mot regjeringskrise i haust. Det må vel uroe ein statsminister?

– Jada, eg uroar meg alltid når nokon meiner at det skal bli regjeringskrise i haust, men samstundes meiner eg at dette er eit stort og viktig budsjett der det er mykje vi kan finne saman om, seier Solberg.

Samstundes kjem Arbeidarpartiet med grøne løfte.

– Vårt samla opplegg vil innebere større kutt i klimagassutsleppa enn regjeringas, garanterar Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Fakta

Regjeringas framlegg:

• Torsdag la regjeringa fram sitt framlegg til grønt skatteskifte i statsbudsjettet for 2017.

• Framlegget inneber mellom anna ein avgiftsauke på 15 øre på bensin og 35 øre på diesel.

• Likevel får bilistane over 900 millionar kroner i andre avgiftsletter.

• Regjeringspartia har sagt at dei ikke vil forhandle vidare på desse punkta, medan Venstre har gjort det klart at regjeringa då ikkje får fleirtal for budsjettet sitt.

Laber stemning

Venstre-nestleiar Terje Breivik meiner utgangspunktet for budsjettforhandlingene er krevjande.

– Budsjettet svarer korkje på tinginga frå budsjettavtalen for 2016 eller bidrar til at vi får ein monaleg reduksjon i innanlands klimagassutslepp, seier han til Klassekampen.

I finanstalen skrytte finansminister Siv Jensen (Frp) av klimaprofilen i budsjettframlegget.

– Vi legg fram eit grønt skifte i tråd med budsjettavtalen med KrF og Venstre, sa ho.

Akkurat dét er det få i sentrumspartia som seier seg samde i. I regjeringas framlegg til statsbudsjett er det lova grøne skatteskiftet ikkje større enn eit avsnitt, har fleire merkt seg.

Vil forhandle

Solberg håpar det finst fleire element å trekkje inn i forhandlingane slik at alle kan bli nøgde.

– Vi må diskutere det som er reelt. Er det utsleppsnedgang, så er det mange andre tiltak enn berre avgifter som er viktig, seier Høgre-leiaren.

– Kva er det som kan gjere mellompartia nøgd?

– Eg skal forhandle med dei i møterommet, ikkje i media, seier Solberg.

Klar for grønt skifte

Støre fortel at det er «naudsynt å starte på vegen fram mot 2030-målet», som inneber at Noreg innan då skal redusere utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor med 40 prosent samanlikna med 1990-nivå.

– Det kjem til å krevje mykje av mange. Og det denne regjeringa har lagt fram, peikar ikkje i den retninga, seier han,

For Venstre er det særleg regjeringas framlegg til avgiftsauke på drivstoff som provoserer. Ein auke på 15 øre på bensin og 35 øre på diesel er altfor lite, meiner Venstre. I Aps siste alternative budsjett gjekk partiet inn for ei auke på dieselavgifta på 25 øre per liter. Då Stortinget handsama det reviderte budsjettet, ville Ap auke avgifta med 50 øre.

– Framlegget på diesel var jo for å jamne ut skilnaden mellom diesel og bensin. Når vi har gjort framlegg om det i fjor og mei i revidert i år, gjev jo det eit frampeik på kva vi vil gjere framlegg om framover.

Om bensin seier han at Ap vil gå «grundig inn i det», men han vil ikkje love noko no.

– Kva gjer Ap om det blir full regjeringskrise?

– Det vil vi halde oss til sindig og med stor ro. Det er fleirtal mellom dei fire partia, og dei har avtale om samarbeid om budsjett. No får dei ta det ansvaret. Vi skal levera vårt alternativ og førebu oss på eit val som kan gje ein ny regjering og enn ny kurs.

politikk@klassekampen.no

Artikkelen er oppdatert: 7. oktober 2016 kl. 12.57
Tirsdag 18. desember 2018
TILBAKE: Arbeiderpartiet i Troms og Finnmark går inn i fylkessammenslåingen med planene klare for en rask omgjøring.
Mandag 17. desember 2018
FRAMTIDSFRYKT: Nordmenn flest uroar seg mest for klimaendringar og svekka velferdsstat, ifølge eit notat frå tankesmia Agenda.
Lørdag 15. desember 2018
ÅTVARAR: Mette Nord seier ho ikkje veit kor LO landar i EØS-spørsmålet i 2021, og vil sjølv ikkje garantera for avtalen.
Fredag 14. desember 2018
LOV: Nav-kontorene mener innføringen av lovpålagt aktivitetsplikt hjelper ungdommen, men andelen unge på sosialhjelp er like høy som før loven kom.
Torsdag 13. desember 2018
NYTT: I 2017 døde flere rusbrukere av heroin-medisinen metadon, enn heroin, viser nye tall fra Folkehelseinstituttet.
Onsdag 12. desember 2018
VOLDTEKT: Høyres justispolitiske talsperson Peter Frølich mener minstestraffen for voldtekt er for høy. Han vil løfte diskusjonen inn i regjeringsforhandlingene med KrF, Frp og Venstre.
Tirsdag 11. desember 2018
FORSLAG: Venstrevridde eksperter vil lage et nytt europeisk parlament og la institusjonen rå over et kjempebudsjett på 4 prosent av Europas BNP.
Mandag 10. desember 2018
BARNEFRI: Fødselsraten i 2017 var den laveste som er målt. I 2018 ligger vi an til sette ny bunnrekord.
Lørdag 8. desember 2018
PRESSEFRIHET: Norge vil avgi en flere punkts stemmeforklaring til FNs migrasjonsavtale mandag. Ett av punktene skal tydeliggjøre pressens uavhengighet.
Fredag 7. desember 2018
VERPESJUKE: Regjeringen har satt ned en egen arbeids­gruppe for å få norske kvinner til å føde flere barn. MDG mener befolkningsvekst bør komme gjennom innvandring.