Det me i alle fall veit, er dette: i 1897 skreiv Knut Hamsun eit brev til Kristiania Politikammer, der han «ærbødigst» bad om å bli beskytta mot «Fru Anna Munch («Forfatterindens) Forfølgelser.» Ikkje berre hadde forfatterinna allereie plaga forfattaren med tallause brev og telegram, og følgd i fotefara hans i inn- og utland: Hamsun såg det som sikkert at Fru Munch sto bak ei mengd anonyme brev som var blitt sendt til personar knytt til hans kvinnelege omgangskrets, der Hamsun vart skildra som ein bedragar og ein forførar ein burde bryta kvar kontakt med. Mistanken mot Anna Munch fekk godt fotfeste i dåtidas hovudstads fasjonable krinsar. Sjølv nekta ho, så lenge ho levde, for å ha noko som helst med breva å gjera. Ulukkeleg forelska i Knut Hamsun? Ja visst, det var det vanskeleg å motstrida. Galen og svartsjuk brevskrivar? Nei så menn.
Eit eige rom: Gjennom eit klart og direkte språk gir Selma Lønning Aarø Anna Munch ein stemme.