Facebookføda til dei politiske motmennene Bjørnar Moxnes (Rødt) og Bjørn-Kristian Svendsrud (FpU) er like einsretta: Begge får opp det dei likar. Aftenposten forklarer kvifor i oppslaget om dei to like 14. september. Moxnes seier han sjeldan blir provosert av stoff på fjesboka si. Denne mannen treng større forskjellar, men får det ikkje på f’en. Det er slik dette bruket funkar. Den som beitar på seg sjølv heile tida kan beint fram koma til å skranta, fanga i ein udiagnostisert algoritmisk anoreksi. Ja, det kan koma til eit punkt då desse forskjellsavkrefta folka på f’en blir så sløva og dopa på restane av seg sjølve, at dei heilt sluttar å klikka.
Når fjesbokas milde jadajunk blir så reint for mykje.Kontrafeis