Er du rundt tretti og kvinne, får du lett inntrykk av at alle giftar seg. Særleg på denne tida av året, då du sikkert har lagt minst ein bryllaupsfest bak deg i løpet av sommaren. Det er i så fall ikkje rart: Ifølgje Statistisk sentralbyrå blir heile to av tre ekteskap inngått i månadane mai til september. Med så mange bryllaup i omløp har du kanskje – utan meining sjølvsagt – hamna innpå ein av internett sine mange bryllaupsbloggar, der nygifte par poserer under lauvtunge tre i flagrande tekstilar. Bryllaupsindustrien er i vekst, og folk brukar mykje pengar og energi på å bli smidd i hymens lenkar.