Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi må slutte å godta at oljebransjen fortrenger sanninga.

Flatlusas løgner

Dei siste åra har eg brukt ein del tid på å fundere over dette at folk fortrenger klimakrisa, og kvifor den for eksempel er så lite synleg i litteraturen. Dette, mellom andre ting, skal eg samtale med forfattaren Espen Stueland om under Litteraturdagane i Vinje i helga. Eg har med stor interesse lese den siste boka hans, «700-årsflommen: 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk». Allereie i forordet har eg sett ein tjukk strek under ei setning, nemleg denne: «Hvor er språket som nekter å godta løgnene og fortrengningene?»